Hopp til hovedinnhold


Sogndal Høgre krev egna lokale til ambulansen

Utan skikkelige lokalitetar, er det ei stor utfordring å løyse arbeidsoppgåver slik fagpersonalet ynskjer. No blir det kaldare og vinteren kjem snart, ambulansen i Sogndal går fjerde vinteren i møte utan garasjar til ambulansebilane.

Utan skikkelige lokalitetar, er det ei stor utfordring å løyse arbeidsoppgåver slik fagpersonalet ynskjer. No blir det kaldare og vinteren kjem snart, ambulansen i Sogndal går fjerde vinteren i møte utan garasjar til ambulansebilane, skriv Karin Vikane, gruppeleiar for Høgre i eit innlegg Sogn Avis.
Etter vårt syn er det uforsvarleg slik ambulansane står i dag. Sogndal Høgre er opptekne av at ambulansen i Sogndal skal ha gode tilhøve. I open spørjetime i kommunestyret 06.09.2012 stilte underteikna difor desse spørsmåla:
1. Er ordførar og kommuneadministrasjon kjende med at Sogndal ambulanse til saman har hatt to tilsynssaker hjå fylkeslegen samt ei pågåande sak hjå Arbeidstilsynet. Desse sakene som direkte resultat av lokalitetar og deira manglar?
2. Har Helse Førde forsøkt å løyse seg frå leigeavtalen med Sogndal kommune?
Kommunestyret fekk til svar at administrasjonen var kjende med tilsynssakene og at kommunen ville vurdera løysingar innanfor gjeldande rammer. Høgre oppfatta ikkje dette som den store viljen til å fristilla leigeavtalen og sende difor eit brev til ordførar 07.09.2012 med oppmoding om å fristilla leigeavtalen og kom i brevet med alternative inntektskjelder.
Me treng ei operativ ambulanseteneste i kommunen med gode arbeidsvilkår.
Les heile innlegget hjå Sogn Avis