Hopp til hovedinnhold


Vil nytta brannvesenet betre

Brannvesenet i Skånevik meiner at den akuttmedisinske beredskapen i bygda er for dårleg. First Responder er eit tiltak som vil gjere at brann og redningstenesta får kompetanse og høve til å rykkje ut ved nødstilfelle.

Brannvesenet i Skånevik meiner at den akuttmedisinske beredskapen i bygda er for dårleg. First Responder er eit tiltak som vil gjere at brann og redningstenesta får kompetanse og høve til å rykkje ut ved nødstilfelle, skriv Grannar.

First Responder er første ledd i ei organisert akuttmedisinsk respons. Hensikten med ordninga er å kunne gi kvalifisert førstehjelp inntil lege/ambulanse kjem til staden. I Skånevik er ambulansen i beste fall 30 minutt unna, og brannvesenet meiner at det kan vere behov for ei slik ordning om lag 30 gonger i året. 

 - Ambulansestasjonen i Vindafjord er ein av dei travlaste i Helse Fonna. Dette går ut over oss, seier Sondre Gunleiksrud, han er utdanna ambulansearbeidar, leiar for prosjektgruppa og meiner det er stor grad av profesjonalitet og innsatsvilje blant brannvesenet i Skånevik.

Prosjektgruppa har kome fram til at den ekstra beredskapen fører til at det vil bli behov for éi ny stilling, i tillegg til kostnadar knytt til utstyr og opplæring. Her er kommunen nøydd til å kome på banen for finansiering, men at kommunen vil spare pengar i det lange løpet. Om ein kjem kjappare til ved nødstilfelle, vil det redusere både sjukehusopphald og rekonvalesenstid. 

- Ei opplæring på mellom 30-50 timar i grunnleggjande livredding vil gi ei kjempegod plattform å starte på. Vidare kan ein byggje på med ekstra kompetanse, seier ambulansearbeidaren. 

Les meir om saka hjå Grannar