Hopp til hovedinnhold


«Uopplagt, fjern, ustø og ute av stand til å følgje med i samtalen»

Ambulansearbeidar måtte slutte i Helse Førde. No har ho fått formell refs.

Slik karateriserer Statens Helsetilsyn tilstanden ein ambulansearbeidar var i då ho møtte på jobb i fjor haust. Seinare på vakta skal ho rett og slett ha sovna midt under ein samtale, skriv Bergens Tidende

Ambulansearbeidaren, som er utdanna hjelpepleiar, måtte slutte i Helse Førde og har no fått ei formell åtvaring for brot på helsepersonelllova.

I ei tidlegare tilsynssak mot kvinna konkluderte Statens Helsetilsyn med at ho hadde oppført seg så aktlaust at det også då var grunnlag for å gje henne ei åtvaring. Den gongen meinte Helsetilsynet mellom anna at ho gav urette opplysningar til dei, og at ho førte urette opplysningar inn i pasientjournal. Men den gongen drog saka så langt ut i tid at ambulansearbeidaren slapp den formelle reaksjonen.

Åtvaring

Men etter ei vakt i februar 2011 var begeret fullt for arbeidsgjevaren Helse Førde. Blant anna skal kvinna ifølgje ei rekke kollegar ha sovna på vakt, ikkje møtt fram i tide ved hasteoppdrag og ha rota med medisindoseringa til ei fødande kvinne i ambulansen. Ho forveksla storleikane milligram (mg) og milliliter (ml), og var heller ikkje sikker på kor mykje skulle gje  pasienten av tilmålt dose.  

Les meir om saka hjå Bergens Tidende