Hopp til hovedinnhold


- Større krav til teleoperatørane

Direktør i Post- og teletilsynet, Torstein Olsen, påpeikar at dei kjem til å stille langt strengare krav til teleoperatørane i framtida. 

– Når eg høyrer at ein kan leve utan straum og veg i eit døgn, men ikkje telefon, så er det ein vekkjar for oss. Det er ein ny type sårbarheit i samfunnet som vi må sjå på, seier Torstein Olsen, direktør Post- og teletilsynet.

Han var ein av dei som var med på møte då Stoltenberg besøkte Sogndal i går.

– Ikkje nok med berre nødnettet

Olsen poengterte at nødnettet berre er kommunikasjonskanal mellom nødetatane.

– Vanlege folk får ikkje tilgang til nødetatane gjennom dette. Elles vil eg seie at i slike situasjonar er Post- og teletilsynet plassen å vende seg. Vi har kontaktpunkt, seier Olsen.

Les saken hos nrk