Hopp til hovedinnhold


Betre rusta for kriser

Debatten om eit felles naudnummer og ein felles naudmeldesentral har pågått i meir enn eitt tiår. Framleis går debatten etter dei same frontane. I første rekkje er det helsepersonell som står fram som dei sterkaste forsvararane av dagens ordning.

Debatten om eit felles naudnummer og ein felles naudmeldesentral har pågått i meir enn eitt tiår. Framleis går debatten etter dei same frontane. I første rekkje er det helsepersonell som står fram som dei sterkaste forsvararane av dagens ordning, skriv Sunnmørsposten på leiarplass.

Fleire hendingar har den siste tida aktualisert saka. Ikkje minst førte kollapsen i mottaket av naudmeldingar frå Utøya 22. juli til at ein fornya debatt. Lokalt har varslingstida i samband med den tragiske båtulykka ved Lepsøyrevet i helga også gitt spørsmålet ny aktualitet.

Det er for tidleg å trekkje konklusjonar frå nokon av desse hendingane. Ingen veit i dag om noko kunne vore gjort annleis om naudmeldingane hadde vore handtert på ein annan måte.

Ein skal også vere varsam med å vere bastant på kva løysing som vil vere den beste for naudmeldesentralane. Men ein kan starte med å rydde opp i argumenta og gjere debatten meir sakleg og truverdig.

Allereie i meldinga «Samfunnssikkerhet – sam virke og samordning» tok regjeringa sikte på å innføre felles naudsentralar for politi, brannvern og helse.

Seinare vart det nedsett ei interdepartemental arbeidsgruppe som utgreidde spørsmålet. Denne gruppa hadde inne brei helsefagleg kompetanse og kom fram til at ein felles sentral med eitt felles nummer var det beste. I framlegget ligg det også ein føresetnad om å kutte talet på sentralar frå 72 til sju eller åtte.

Helsedirektøren og akuttmedisinarar er mellom dei som har gått hardt ut mot endringa. Helsedirektøren meiner at ei samanslåing vil bli eit tap for pasientane. Leiarane for dei akuttmedisinske kommunikasjonssentralane går eit steg lengre, og seier liv vil gå tapt – særleg i distrikta.

Eitt sentralt argument er at manglande medisinsk kompetanse hos operatørane gjer at dei ikkje kan gi råd om førstehjelp over telefon. Samstundes kan faren for feilvurderingar auke.

Dette er vektige argument, som må tilleggjast sterk vekt, men handlar i seg sjølv ikkje om korleis ein organiserer tenesta eller om ein har eitt eller fleire naudnummer. Det avgjerande då er kva kompetanse ein skal ha på sentralane.

Verre vert det når akuttmedisinarane peikar på svikten på politiets naudnummer 22. juli og talet på «tulletelefonar» som argument mot etableringa. Då snakkar dei som om det var dagens operasjonssentralar som skal ta imot.

Det er det ikkje. Også arbeidsgruppa som har kome med framlegget til omorganisering føreset at naudmeldesentralane skal ha fagkunnskap til å gjere dei naudsynte vurderingane og rettleie folk.

At ein «gigantsentral» kan tape element av lokalkjennskap får ein vege opp mot kva ein vinn i høve til å ha kapasitet til å takle store kriser. Ingen omorganisering kan skje utan at målet er å gjere oss betre rusta til å reagere raskt og rett både overfor den einskilde og i krisesituasjonar.

Les heile leiaren i Sunnmørsposten