Hopp til hovedinnhold


Ambulansepersonell blei skotne på ved Utøya

Ambulansepersonellet som kom til kaia i Utvika for å hjelpe ungdommane som kom symjande frå Utøya, blei sjølv skotne mot.

Ambulansepersonellet som kom til kaia i Utvika for å hjelpe ungdommane som kom symjande frå Utøya, blei sjølv skotne mot, skriv NTB i ein artikkel som refererast i Avisa Hordaland og andre medier.

Les: Ambulansene ventet på klarering fra politiet

Les også: Alle Ambulanseforums medieklipp om bomben og Utøyamassakren

Inger Lise Hallgren, avdelingssjef for prehospitale tenester i helseføretaket Vestre Viken, seier til NRK at mannskapa blei skotne mot. To ambulansearbeidarar og ein lege fekk klarering frå politiet til å ta seg til kaia der båtane brukar å gå ut til øya.

– Dei som kom ned då hadde fått beskjed av politiet at det var sikkert. Og så har det truleg då skjedd noko i mellomtida som gjorde at dei blei skotne mot, seier ho.

Utvika ligg rundt 600 meter frå Utøya, og Anders Behring Breivik hadde våpen med den rekkjevidda. Etter rundt åtte minutt blei dei beordra vekk. Ingen av dei blei treft.

– Eg trur at ein må forvente dette, då det var ein uoversiktleg situasjon, seier Hallgren.

Les meir om saka hjå Avisa Hordaland