Hopp til hovedinnhold


Avlyser anbodskonkurranse

Sogn og Fjordane fylkeskommune avlyser anbodskonkurransen som gjeld drift av lokale båtruter i Flora, Bremanger og Vågsøy, samt ambulansebåt i Flora-området. Grunnen skal vere er at det er uklarheiter ved begge tilboda som kom inn.

Sogn og Fjordane fylkeskommune avlyser anbodskonkurransen som gjeld drift av lokale båtruter i Flora, Bremanger og Vågsøy, samt ambulansebåt i Flora-området. Grunnen skal vere er at det er uklarheiter ved begge tilboda som kom inn, skriv Firda.

Det kom inn to tilbod i anbodskonkurransen, eitt frå Fjord1 Fylkesbaatane AS og eitt frå Tide Sjø AS.

- På grunn av tilhøve ved begge tilboda, kan det oppstå tvil om korleis dei skal vurderast opp mot kvarandre, og fylkeskommunen har difor plikt til å avvise tilboda etter forskrift om offentlege anskaffingar, skriv informasjonsrådgjevar i fylkeskommunen, Birthe Finstad, i ei pressemelding.

Vil lyse ut på nytt

I og med at det då ikkje er att tilbod i konkurransen, må denne naturleg nok avlysast. - Konkurransen vil bli lyst ut på ny hausten 2011, skriv fylkeskommunen vidare.

Les meir om saka hjå Firda