Hopp til hovedinnhold


Dødsspelet til Brennpunkt, del to

«Hjerterått dødsspill. Ambulansene i Oslo kan redde liv, men bare dersom du er den heldige vinner i loddtrekningen om livreddende behandling», stod det lenge å lesa i ein ingress på Brennpunkts heimesider.

«Hjerterått dødsspill. Ambulansene i Oslo kan redde liv, men bare dersom du er den heldige vinner i loddtrekningen om livreddende behandling», stod det lenge å lesa i ein ingress på Brennpunkts heimesider, skriv Jan Hustad i Dag og Tid.

Bakgrunn: Inga orsaking frå Brennpunkt

Les òg: Forskningsetisk vaktbikkjeIV ja/IV nei – studien var forsvarlig og Prisbelønt studie

Den 7. januar 2008 sende NRK Brennpunkt eit program kalla «Hjertelotteriet». Det var det fyrste programmet i NRKs nye satsing som skulle gjera Brennpunkt til eit flaggskip innanfor den norske dokumentarsjangeren under leiing av produsent Håkon Haugsbø.

Programmet tok føre seg ein randomisert studie som pågjekk av pasientar i Oslo-regionen med hjartestogg utanfor sjukehus. Etter eit tilfelleleg mynster fekk halvparten av desse pasientane adrenalin, halvparten ikkje.

Studien i Oslo var den fyrste randomiserte studien på sitt felt. Han var mellom anna basert på svensk forsking som peika mot at det å gje adrenalin til pasientar med hjartestogg faktisk kunne auka risikoen for pasientane, Canada nytta ikkje adrenalin i det heile då studien byrja.

Dette vart Brennpunkt-redaksjonen fortald av forskarane ved Ullevål som gjennomførde studien.

Då sluttresultata frå den norske studien var publiserte og synte at adrenalin ikkje var naudsynt, fekk forskarane bak fleire internasjonale prisar.

Skuffa over Fylkeslegen
No fortel leiaren for prosjektet, Petter Andreas Steen, for fyrste gong korleis han opplevde programmet.

– Kvifor stilte de opp?
– Vi visste ikkje at dei skulle ha ei negativ vinkling. Vi trudde det skulle vera eit opplysingsprogram. Men NRK enda opp med ein råtape på mange timar med kollegaen min Lars Wik. Dei kunne plukka fritt og få nett den framstillinga dei ville. Eg hugsar godt då ein kollega kom til meg og sa at «dette er ikkje det eg trudde det skulle vera, eit opplysingsprogram, det vert eit Brennpunkt.» Då stod hjarta mitt stilt ei lita stund. Kva gjer vi no?

Dag og Tid har sett søknaden frå Haugsbø om å fylgja Wik. Det står ingenting der om at Ullevål-studien skulle vera ein del av eit Brennpunkt-program.

– Dette var i tillegg kort tid etter episoden i Sofienbergparken der ambulansetenesta hadde vorte skulda for rasisme. Klart vi vart nervøse. Vi fann at vi måtte vera mest mogeleg opne, men vi sa nei til NRKs førespurnader om å intervjua oss alle åleine føre kamera. Vi gav NRK tilbod om at dei kunne intervjua meg og forskingsdirektør Andreas Moan, men at vi då skulle vita spørsmåla på førehand – vi var nervøse for korleis dei kom til å klippa, og i tillegg ville dei ikkje syna oss på førehand kva dei hadde laga. Men å visa spørsmåla på førehand ville Brennpunkt sjølvsagt ikkje. Eg måtte leggja bort alt i nokre månader og berre konsentrera meg om å gå gjennom all litteraturen og dokumentera absolutt alt.

Denne dokumentasjonen fekk Brennpunkt, men dei tok ikkje omsyn til han, hevdar Steen.
– Eg sende i tillegg alt til Fylkeslegen, for eg forstod at NRK raskt ville involvera han.
Fylkeslegen såg då også på saka på eige initiativ og konkluderte slik: «Vi vil påpeke at en­­hver pasientgruppe har krav på forsvarlig behandling og forsvarlig vurdering. At behandlingsresultatene er dårlige, godtgjør ikke at ethvert forsøk på behandlingsendring er forsvarlig eller tillatt. I dette tilfellet gjaldt prosjektet helsetjenester til alvorlig syke og døende pasienter. Det burde etter vår vurdering ha foranlediget en ekstra aktsomhet i vurdering av endring av etablert behandling. (...) Helsetilsynet i Oslo og Akershus finner at Ullevål universitetssykehus HF har brutt spesialisthelsetjenesteloven».

– Det er noko som skuffa meg særs mykje i ettertid: Fylkes­legen gjekk beinhardt ut, men han tala aldri med meg, han bygde på det han fekk frå NRK. Han karakteriserte òg studien som uetisk og som feilbehandling i ei førelesing ved universitetet før han hadde all dokumentasjon tilgjengeleg.

Frikjend av staten
Statens helsetilsyn synte seg seinare å vera heilt usamd med Fylkeslegen, og sa at Ullevål hadde halde seg til lova, men at sjukehuset burde ha informert på­­rørande av dei avlidne om at dei hadde vore ein del av eit forskingsprosjekt: «Vi finner (...) at eksklusjonskriteriene, både de opprinnelige og de som senere ble innført, var forsvarlige. Ved denne vurderingen vektlegger vi at det ikke foreligger vitenskapelig grunnlag for at adrenalin eller andre legemidler har effekt på overlevelse eller nevrologisk funksjon hos pasienter som har fått hjertestans etter anafylaktisk reaksjon, status asthmaticus eller opiat­overdose. Utover mangeårig praksis for bruk av adrenalin finner vi heller ikke andre holdepunkter for at adrenalin har en gunstig effekt på disse tilstandene etter at pasienten har fått hjertestans.»

Steen seier at han den dag i dag ikkje heilt skjønar kva Brennpunkt var ute etter.
– Dei både skreiv i søknaden og byrja programmet med å seia at det vi heldt på med, var særs viktig forsking og at randomisering var den einaste måten å finna ut av denne problemstillinga. Eg fekk difor inntrykk av at dei ville setja søkjeljos på korleis ein kunne gjennomføra studiar der pasientane ikkje kunne gje samtykke på førehand. Det hadde eg ingen problem med. Eg har arbeidt med denne problemstillinga i femogtjue år.

– Kva var verst?
– Det verste var at dei tok kontakt med pårørande og gav dei inntrykk av at noko kunne ha vore gjort. Men det verste overtrampet overfor oss som heldt på med på studien, meiner eg var internettsidene. Der skreiv dei rett ut at det var loddtrekking som avgjorde om folk skulle få livbergande behandling eller ikkje.

– Trur du at Brennpunkt-redaksjonen verkeleg meinte at adrenalin måtte til?
– Vel, dei gav inntrykk av det. Men sant og seia trur eg ikkje at dei trudde på sin eigen bodskap heller. For vi gav dei god dokumentasjon. Men dei ville berre ha godt fjernsyn. Dei var komne langt av garde i det som skulle verta den store satsinga deira.

Ambulansetenesta i Oslo har no ein av verdas beste attopplivingsrater av pasientar med hjartestogg utanfor sjukehus. Ved tusenårsskiftet overlevde 9 prosent, no er talet over 15 prosent.

I PAPIRAVISA KAN DU ÒG LESE:

Håkon Haugsbø går ved feil både på nettet og i manglande publisering i ettertid, men han meiner framleis at programmet står som ein påle.

Les meir om saka hjå Dag og Tid