Hopp til hovedinnhold


Inga orsaking frå Brennpunkt

NRK Brennpunkt hevda i 2008 at Ullevål sjukehus dreiv kontroversiell og potensielt farleg forsking. Det gjorde Ullevål ikkje, syner ettertida. Men NRK har framleis ikkje bede om orsaking.

NRK Brennpunkt hevda i 2008 at Ullevål sjukehus dreiv kontroversiell og potensielt farleg forsking. Det gjorde Ullevål ikkje, syner ettertida. Men NRK har framleis ikkje bede om orsaking, skriv Dag og Tid.

Les òg: Forskningsetisk vaktbikkjeIV ja/IV nei - studien var forsvarlig og Prisbelønt studie

Brennpunkt-redaksjonen til NRK har ti gonger vorte dømd eller fått kritikk i Pressens faglige utvalg (PFU).

7. januar 2008 fekk vi eit nytt Brennpunkt. Redaksjonen hadde fått eige studio og ny stab. Ein nøgd Håkon Haugsbø kom gåande mot kamera og fortalde at han skulle fortelja «viktige og vesentlege historier kvar veke».

Denne gongen handla det om ein hjartestudie i Oslo og Ski der «fargen på korta» avgjorde om pasientar med hjartestans utanfor sjukehus skulle få adrenalin eller ikkje. Som i såkalla randomiserte studiar flest vart også forsøkspersonane her trekte ut etter eit tilfelleleg mynster. Dette var svært «omstridd forsking», fortalde Haugsbø, «som dei det gjeld, ikkje anar noko som helst om sidan dei er så godt som døde».

Reportasjen fekk stort gjennomslag. «Trekker lodd om pasienter med hjertestans», var éi av mange overskrifter i VG. Særleg dei to som var ansvarlege for prosjektet med å gje berre halvparten av pasientane adrenalin, lækjarane Petter Andreas Steen og Lars Wik, opplevde ein enorm pågang frå media.

Fylkeslegen i Oslo var kritisk til prosjektet og den informasjonen han fekk frå Ullevål. Det heile enda med at Statens helsetilsyn granska saka.

I 2010 fann Helsetilsynet at prosjektet var fullt ut forsvarleg, og at det heller ikkje var naudsynt å taka ut astma- og allergipasientar: Dei sa at det ikkje finst empiri som syner at astma- og allergipasientar etter hjartestans får ein positiv effekt av adrenalin. Resultata av studien er no publiserte i tidsskriftet JAMA.

Forskargruppa bak studien har fått internasjonale prisar for arbeidet. Petter Andreas Steen vart i januar i fjor, mellom anna på grunnlag av arbeidet som vart publisert i JAMA, kåra til månadens forskar i Helse Sør-Øst. Frå før av er han tildelt American Heart Associations fremste heider, «Giant of Resuscitation», som berre er tildelt éin annan forskar frå Europa.

American Heart, den store amerikanske hjartekongressen, gav forskargruppa stor heider og mykje omtale på den fyrste kongressen etter at funna var publiserte.

I ettertid har NRK på nettsidene til Brennpunkt lagt ut konklusjonen til Helsetilsynet og fortalt at funna frå studien er publiserte i JAMA. Men dei har framleis ikkje hatt eigne programinnslag om dei nye funna eller bede om orsaking for Brennpunkt-programmet.

Les meir om saka hjå Dag og Tid