Sat «øyfast» med skadd jente

Magni Hjertenes Flyum er forundra over at AMK ikkje kunne skaffe ambulansebåt då ei ung jente blei skadd på øya Silda. Sjøredningstenesta tok ansvar og rykte ut då ingen andre kunne hjelpe, skriv Fjordenes Tidende.

Ho var ansvarleg kursleiar for ein konfirmantleir i regi av humanetisk forbund på øya Silda i Vågsøy sist helg. 20 konfirmantar deltok på det som skulle vere ei kjekk helg med konfirmantførebuingar og aktivitetar. Men under leik laurdag ettermiddag fekk ein av konfirmantane eit kne i sida. Jenta opplevde store smerter, og det blei snart klart at ho hadde behov for legehjelp.

– Det blei vondare og vondare, og vanleg smertestillande hjalp ikkje. Vi bestemte oss derfor for å ringje legevakta på Nordfjordeid, seier Flyum.

Det skulle imidlertid vise seg å bli alt anna enn lett å få nødvendig hjelp frå det offentlege.

Etter mange timar vart Vågsøy sjøredningsteneste berginga.

Les meir om saka hjå Fjordenes Tidende

Print Friendly, PDF & Email

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.