Hopp til hovedinnhold


Øver akuttmedisin før det blir alvor

Medisinstudentane ved UiO må no ta ei obligatorisk øving i akuttmedisin saman med sjukepleiestudentar frå Høgskolen i Oslo. Det skjer den siste veka før dei er ferdige legar og skal ut i turnusteneste i heile landet.

Medisinstudentane ved UiO må no ta ei obligatorisk øving i akuttmedisin saman med sjukepleiestudentar frå Høgskolen i Oslo. Det skjer den siste veka før dei er ferdige legar og skal ut i turnusteneste i heile landet, skriv Uniform.

– Det er utruleg viktig at me har fått gjennomslag for at simulering i akuttmedisin med både leiing, samhandling og kommunikasjon som viktige element, skal vera obligatorisk for alle medisinarstudentar.

Nokon av oss har kjempa for det i mange år, og det er fint å sjå det i praksis hos det første medisinarkullet som må gå gjennom dette kurset, seier medisinprofessor Per Hjortdahl på Institutt for helse og samfunn ved UiO.

Trenar med andre yrkesgrupper

Tidlegare fekk ingen medisinstudent trening med simulering og tilbakemelding i akuttmedisin og samhandling med andre yrkesgrupper, før dei blei kasta ut i det under turnustenesta på eit sjukehus. No blir dei drilla i det rett før dei for første gong skal ut og praktisera som turnuslegar.

– Dette er lagarbeid som får kvar enkelt til å sjå kva rolle dei ulike aktørane i det akuttmedisinske teamet har.

Les meir om saka i Uniform