Hopp til hovedinnhold


Trøytte ambulansarbeidarar bomma på medisinen

No vil Helse Førde undersøkje arbeidstidene.

No vil Helse Førde undersøkje arbeidstidene, skriv Firda.

Under ein ambulansetransport i fjor haust forveksla ambulansepersonellet medisinen som pasienten skulle ha, og gav vedkommande ein medisin med liknande namn.

Vanlegvis skal det dobbeltsjekkast at det blir gitt riktig medisin, men dette blei ikkje gjort.

No har saka komme på fylkeslege Petter Øgar sitt bord.

– Hovudpoenget i denne saka er at ambulansepersonellet hadde vore på arbeid «langt utover det som er normal arbeidsdag». No går den vidare oppfølginga på å få ei vurdering av arbeidstida av ambulansepersonellet, fortel fylkeslegen til firda. no.

Les heile saka i Firda