Hopp til hovedinnhold


Ber om mitraljøser til ambulansane

Dei norske militære i Afghanistan vil ha tyngre våpen på sanitetsvognene. Om nødvendig fjernar dei det raude korset.

Dei norske militære i Afghanistan vil ha tyngre våpen på sanitetsvognene. Om nødvendig fjernar dei det raude korset, skriv Bergens Tidende.

Fleire episoder gjer at den norske militære leiinga i Afghanistan nå ber om å få bruke tyngre våpen på dei militære sanitetskøyretya. Dette er i strid med dei reglane som gjeld i dag: Saniteten skal berre ha lettare, personlege våpen, som pistol, maskinpistol, gevær eller rifle, og desse skal berre brukast til sjølvforsvar.

Men dei norske styrkane hamnar stadig oftare i kamp. Både maskingevær og rakettdrivne granatar blir brukte mot nordmennene - og også mot sanitetsvognene.

Å gå til åtak på vogner og soldatar med raudt kors er i strid med internasjonal rett. Men nordmennene meiner Taliban og andre opprørarar i Afghanistan viser så lite respekt for desse lovene at også saniteten treng tyngre skyts for å kunne forsvare seg.

Fleire andre NATO-land, som deltek i Afghanistan, har vald å gje avkall på korset for å kunne væpne seg betre.

Les meir om saka i Bergens Tidende