Hopp til hovedinnhold


Ikkje uforsvarleg med frosne ambulansar

Fylkeslegen meiner ambulansestasjonar utan garasje til vern mot sprengkulde ikkje er uforsvarleg.

Fylkeslegen meiner ambulansestasjonar utan garasje til vern mot sprengkulde ikkje er uforsvarleg, skriv Sogn Avis.

Han har vurdert om det kan vera kritikkverdig at 11 av 21 ambulansestasjonar i fylket ikkje har tilstrekkeleg innandørs plass til bilane, mellom anna i Sogndal. Dei har mellom anna henta inn ein uttale frå ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, som syner til avtalen mellom helseføretaket og Sogndal kommune frå 2007.

– Eit tilbygg med garasjeanlegg skulle ha høg prioritet. Dette er framleis tema i kontakten mellom Helse Førde og Sogndal kommune. Vinteren 2009/2010 var stabilt kald over lang tid. Det medførte problem ikkje berre i Sogndal, seier Øgar og nemner ein del av problema som oppstod i det kalde veret:

– Kalde ambulansebilar, frosne medikament/væske, og problem med elektrodar og pads nytta til defibrilleringog EKG, tobåreambulanse ute av drift, frosne dører, redusert utvendig vedlikehald og frosne behaldarar for vindaugsspylarvæsk.

Les meir om saka i Sogn Avis