Hopp til hovedinnhold


Helse Førde får disponere legebil

Stiftelsen Norsk Luftambulanse (SNLA) har inntil vidare stilt eitt utrykkingskøyretøy gratis til disposisjon for lege og redningsmann ved redningshelikopterbasen i Florø.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse (SNLA) har inntil vidare stilt eitt utrykkingskøyretøy gratis til disposisjon for lege og redningsmann ved redningshelikopterbasen i Florø.

Dette for at den medisinske beredskapen i større grad kan oppretthaldast i områda i og rundt Florø når luftrommet er stengt for flytrafikk.

Legen og redningsmannen vil difor kunne vere meir tilgjengeleg for medisinske oppdrag ved hjelp av denne bilen. – Beredskapsmessig kan bilen køyre inntil ein times radius frå Florø når helikopteret er forhindra i å fly på grunn av vulkanoske.

Det betyr at vi har ein prehospital tilleggsressurs i eit ganske stort område, inkludert fleire av øyane utanfor Florø, seier Robert Brennersted i Helse Førde i ei pressemelding.