Hopp til hovedinnhold


Omgjering av ambulanse til førsterespondar

Frå og med 1. april 2010 vil ikkje ambulansen på Bokn lenger kunne bli definert som ambulanse, og vil då bli definert som førsterespondar-bil, med anna "uniformering" og utan båre.

Frå og med 1. april 2010 vil ikkje ambulansen på Bokn lenger kunne bli definert som ambulanse, og vil då bli definert som førsterespondar-bil, med anna "uniformering" og utan båre.

Bokn kommune har over ein periode på over 20 år, først med Fylkessjukehuset i Hgsd. og seinare med Helse Fonna, hatt eit samarbeid om lokalisering og drift av ambulanse i Bokn. Ambulansen har vore ein svært viktig del av den akuttmedisinske beredskapen i kommunen, skriv Bygdabladet.

Årsaka til at ein legg om til førsterespondarfunksjon er forhøya krav til kompetanse for ambulansepersonell frå 1. april 2010.

I hovudsak har avtalen med Helse Fonna gått ut på at Helse Fonna har holdt bil, medan Bokn har holdt mannskap. I følge avtalen forpliktar Bokn seg til å oppfylla dei til einkvar tid gjeldande lovpålagte kompetansekrav for ambulansepersonell.

Bokn kommune vil etter 1. april ikkje klara å innfri kompetansekrava for ambulansepersonell, etter forskriften.

Sjølv om ein ikkje lenger kan definera bilen på Bokn som ambulanse, så ønskjer ikkje Bokn kommune at den akuttmedisinske beredskapen i kommunen skal bli forringa. Difor vil ein i første omgang, ut året, vidareføra den akuttmedisinske beredskapen gjennom ein såkalla førsterespondar-bil.

Førsterespondar-bilen vil etter 1. april, som tidlegare, bli kalla ut og rykka ut til hendelsar som krev øyeblikkelig medisinsk assistanse. Samstundes som det og vil bli sendt ambulanse frå Helse Fonna. Evt. transport til sjukehus, vil bli ivareteken av ambulanse frå Helse Fonna.

Les meir om saka i Bygdabladet