Hopp til hovedinnhold


Bekymra for akuttilbodet

Når det ikkje er flyvêr må ein basera seg på annan ambulansetransport til næraste sjukehus. Men kva om det ikkje er akuttilbod i nærleika?

Når det ikkje er flyvêr må ein basera seg på annan ambulansetransport til næraste sjukehus. Men kva om det ikkje er akuttilbod i nærleika?

Ambulansehelikopteret i Førde kan verte endå viktigare i framtida. For Helse Førde vil legge ned alt av akuttilbod ved lokalsjukehusa i fylket, skriv NRK.

Vart ståande

Statistikk frå Norsk Luftambulanse viser at helikopteret i Førde ikkje kunne brukast i 133 av totalt 805 henvendingar frå AMK i 2007.

I 2008 var talet 151, i 2009 var talet 98. Variasjonane skuldast i fylgje Norsk Luftambulanse vertilhøva år for år.

Fastlege Frode Hestdal, som arbeider ved legekontoret i Måløy og er kommunelege seier til NRK at det særleg for slag- og infarktpasienter kan vere avgjerande å få behandling så raskt som råd. Då kan det få alvorlege følgjer om helikopteret står på bakken og det er lang veg til nærmaste sjukehus.

År Tal oppdrag Avviste Avbrotne Oppteke Teknisk Totalt
2009 923 59 10 27 2 98
2008 943 91 18 39 3 151
2007 805 83 18 26 6 133

Forklaring

  • Tal oppdrag: Det totale tal henvendelsar der helikopter er den gunstigaste ressursen til å løyse eit gitt oppdrag.
  • Avviste: Oppdrag som er akseptert men ikkje kan gjennomførast grunna meteorologiske forhold.
  • Avbrotne: Oppdrag som er iverksette men som må avbryta på grunn av meteorologiske forhold.
  • Oppteke: Når helikopteret er oppteke med anna oppdrag
  • Teknisk: Når helikopteret ikkje kan brukast på grunn av tekniske tilhøve med maskina.

Les meir om saka på NRK: Måtte gje tapt 100 gonger