Hopp til hovedinnhold

Sikker på god ambulanseavtale

Ordførar Kristin Handeland er overbevist om at ein ny ambulanseavtale mellom Helse Bergen og Fedje kommune kjem til å verta til det beste for folket på Fedje, sjølv om det kjentest dramatisk da avtala vart sagt opp av Helse Bergen.

Les òg: Seier opp Fedje-ambulansen

Førre tirsdag hadde representantar frå Fedje kommune og Helse Bergen, mellom desse direktør Stener Kvinnsland, eit møte på Haukeland der framtida vart diskutert. Handeland kan fortelja at ho reiste frå Bergen med ei svært god kjensle, skriv Nordhordland.

- Det var eit veldig positivt møte, og eg synest at det er veldig bra av Helse Bergen at det er direktøren sjølv som stiller, seier ordføraren til Nh.

Fedje kommune har sjølv gjort evalueringar av dagens avtale, med konklusjon at ein del ting kan verta betre kva ambulansetenesta på øya gjeld.

Les meir om saka i Nordhordland