Hopp til hovedinnhold


Køyrde rett i ambulanse

Ein person er sendt til legevakta i Førde etter at ein ambulanse vart påkøyrd bakfrå på E39 ved Moskog i Førde.

Ein person er sendt til legevakta i Førde etter at ein ambulanse vart påkøyrd bakfrå på E39 ved Moskog i Førde, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Ambulansen hadde ikkje pasientar med seg i bilen.

- Ein person er frakta til legevakta for kontroll, får NRK opplyst ved AMK i Førde.

Ambulansen som vart påkøyrt var ikkje verre skadd, enn at den kunne frakte den skadde til legevakta. Det skal ikkje vere tale om alvorlege personskader.

Les meir om saka hjå NRK