Hopp til hovedinnhold


49 minutt utan puls

På den iskalde nyttårsnatta fekk Oddmund Skeie hjartestans. Etter over 30 minutt med HLR og fire forsøk med hjartestartar, då ambulanse kom til staden, starta hjartet att. Snaue to månader seinare er raulendingen tilbake på deltidsjobb i den store Spar-butikken sin i heimbygda.

På den iskalde nyttårsnatta fekk Oddmund Skeie hjartestans. Etter over 30 minutt med HLR og fire forsøk med hjartestartar starta hjartet att.

Snaue to månader seinare er raulendingen tilbake på deltidsjobb i den store Spar-butikken sin i heimbygda, skriv Varden.

Han kan fyrst takke fru Nina for livet. Ho heldt det gåande med hjartekompresjon åleine i 26 minutt inntil hjelpa kom. Dødssliten kunne ho da overlate jobben til to andre, Rune Skinnarland og sonen til Oddmund, Eivind som begge vart tilkalla under dramaet.

Ambulanse 27 minutt unna

Dei var på plass før det kom ambulansar frå Åmot og Tokke og sidan luftambulanse, og heldt fram med kompresjonen i rundt fire minutt til hjartestartaren var klar. På det fjerde forsøket med hjartestartar kom pulsen til Oddmund i gang igjen. Da hadde det gått 49 minutt og 14 sekund sidan han segna om på badegolvet heime i bustaden på Austbø litt før klokka 02.

– Eg forstod med ein gong at det var hjartet. Eg starta med hjartekompresjon. 30 trykk og to blås. Men fekk beskjed om at eg skulle kutte ut blåsinga. Ideelt skulle eg hatt 100 trykk i minuttet, fortel kona Nina.

Les meir om saka i Varden: Livna til etter 49 minutt utan puls