Hopp til hovedinnhold


Helikopterlandingsplass på Haukeland

Helikopterlandingsplass på taket er spikra på årets budsjett. No gjenstår det berre formalitetar før prosjektet kan realiserast.

Helikopterlandingsplass på taket er spikra på årets budsjett. No gjenstår det berre formalitetar før prosjektet kan realiserast, skriv Haukeland Universitetssykehus på sine nettsider.

– No gjenstår det for Bergen kommune å godkjenne reguleringsplanen for området, og så er vi i gang, seier sjefsingeniør Terje Sørensen ved prosjektkontoret i Drift/teknisk divisjon.

Hovudmålet med helikopterlandingsplass på sjukehuset er å sikre dei mest skadde og sjuke pasientane rask og effektiv tilgang til Akuttmottaket, utan tidkrevjande og uheldig overføring slik det er i dag frå basen i Grønneviken.

På taket til Sentralblokken
Den nye landingsplattforma skal ligge i andre etasje på det sør/vestre hjørnet av Sentralblokken, mot Parkbygget.

– Plattforma er planlagt plassert 16 meter over bakkenivå. Frå denne plattforma skal det gå eit heissystem direkte ned i første etasje i Sentralblokken med kommunikasjon til Akuttmottak, forklarar Sørensen.

På god vei
Landingsplassen er godkjent for eit trafikkomfang på rundt 400 inn- og utflygingar per år med bruk heile døgnet. Føretaket har også fått godkjenning frå Luftfartstilsynet på den flytekniske løysninga for plattforma. Inn- og utflygingstrasear er allereie kartlagt, og Sørensen bekreftar at det både er gjort prøveflygingar og utført lydmålingar.

– No er vi eit godt skritt nærare helikopterlandingsplass. Frå Prosjektkontoret si side kan vi på kort varsel gå ut med førespurnad til entreprenørar om plattforma, seier Sørensen.

Les heile saka på Haukelands nettsider