Hopp til hovedinnhold


Vil vere med på avgjerda

Dei tilsette ved ambulansetenesta i Vinje har ikkje blitt tekne med på råd i arbeidet med plassering av den nye ambulansesentralen.

Dei tilsette ved ambulansetenesta i Vinje har ikkje blitt tekne med på råd i arbeidet med plassering av den nye ambulansesentralen, skriv Vest-Telemark Blad.

– Det me ynskjer oss, er ein oppvarma garasje der det er mogleg å få vaska bilen. Slik det er i dag er me den einaste ambulansesentralen i Vest-Telemark utan ein ordentleg garasje.

Å vaske ein bil når det er 20 minusgrader ute er så og seie umogleg. Etter ein tur til Skien kan du tenke deg korleis bilen blir sjåande ut utvendig, og innvendig er han ikkje mykje betre. Ein kan no tenke seg korleis det kan sjå ut om pasienten me køyrer har vore i ei bilulukke, til dømes, seier ambulansesjåførane Jostein Sandvik og Grete Tvitekkja.

Dei har ikkje blitt informerte om gangen i ambulansesaka, og har heller ikkje blitt tekne med på råd, fortel dei.

– Me trivst svært godt i huset me har no, der me har god plass og nok soverom. I høgtidene har me to bilar i døgnteneste, og me har ofte med oss ein lærling eller hospitant. Då er det naudsynt med fem soverom. Det aller beste for oss hadde vore å få opp ein garasje i tilknyting til det bygget med alt disponerar, seier dei to.

Det er ikkje eit alternativ for kommunen, sidan det ligg føre planar om utvikling av hotelltomta til andre føremål.

– Me skjønar det, men det er me som veit korleis me vil ha det og kva som er best for ambulansetenesta. Då kunne det vore greitt å ta oss med på råd når ein skal ta slike avgjerder. Det me treng i ein eventuell ny sentral er ein oppvarma garasje med vaskefasilitetar, fem soverom og opphaldsrom med litt storleik på. Det me har fått sjå på i Fristadbygget hadde eit 11 kvadratmeter stort rom til stove og kjøkken. Det blir for smått, meiner Sandvik og Tvitekkja.

Ingen snarleg ambulansestasjon
Politikarane går ikkje inn for ny ambulansestasjon i Fristadsenteret i Åmot. Oppvekst- og velferdsutvalet vil ha greidd ut ei løysing ved helsesenteret.

Avgjerda i gårsdagens møte betyr at saka vert sendt til formannskapet for vidare handsaming.

Oppvekst- og velferdsutvalet drøfta inngåande lokaliseringa av ambulanseteneste i Vinje, og brukte også tid på det prinsipielle om kommunen skal ta på seg eit ansvar for at dei to ambulansane i Vinje får garasje og vaskehall. I prinsippet er det nemleg helseføretaket som har ansvaret for ambulansane. Subsidiering av husleiga til ambulanseteneste er inga kommunal oppgåve.

Sjølv om vedtaket i oppvekst- og velferdsutvalet betyr at ambulansane enno i noko tid framleis må vaskast utandørs, ynskte politikarane å sjå nærare på framlegget om lokalisering ved helsesenteret.

Dette er eit prosjekt som er større enn berre behova til ambulansetenesta. Utbygginga må sjåast i samanheng med samhandlingsreforma og dei andre behova kommunen har for ei utviding av helsesenteret.

Les heile saka i Vest-Telemark Blad: Får ikkje vere med på avgjerda