Hopp til hovedinnhold


Snøver hindra luftambulansen

Akutt-kompetansen på Volda sjukehus kom godt med då helikopteret ikkje kunne lande måndag, da det oppstod komplikasjonar under ein fødsel.

Akutt-kompetansen på Volda sjukehus kom godt med då helikopteret ikkje kunne lande måndag, da det oppstod komplikasjonar under ein fødsel, skriv Sunnmørsposten.

I desse dager foregår ein diskusjon om korleis akuttfunksjonene skal fordeles mellom sjukehusa:

Det var måndag morgon før klokka åtte at det oppstod komplikasjonar under ein fødsel på Volda sjukehus.
Babyen måtte fraktast til barneavdelinga på Ålesund sjukehus.

Hindra av snøbyger
Helikopteret var raskt rekvirert, men snøbyger hindra helikopteret å hente babyen i Volda.
Det vart gjort fleire forsøk på å fly i retning Volda, men gong på gong måtte helikopteret gjere vendereis på grunn av snøbyger.

Dermed fekk den nyfødde akutthjelp på Volda sjukehus og i sjukebilen til barneklinikken på Ålesund sjukehus.

Sunnmørsposten kontakta anestesi-overlege Rune Heggedal på Volda sjukehus, og han stadfestar helikopterproblema.
– Detaljane om det som hende kan eg ikkje kommentere. Men eg kan stadfeste at vi måtte frakte pasienten langs landevegen, sidan helikopteret trass fleire forsøk ikkje kom seg til Volda. Dei gjorde eit heiderleg forsøk, seier Heggedal.

Sentralisering
– Skjer dette ofte?
– Om vinteren er det slett ikkje uvanleg. Med dei vêrforholda vi har på våre kantar kan det ofte vere dårleg sikt og vanskelege flyforhold.

Nyleg aksjonerte tusenvis av menneske på søre Sunnmøre for at akuttberedskapen på Volda sjukehus skal vere som i dag.
Mange fryktar at ei sentralisering til Ålesund kan føre til at ein stor region vert ståande utan akuttberedskap.

Hendinga måndag aktualiserer problemet: Når det er snøkave i vinterhalvåret kan det vere lenge å vente på hjelp dersom akuttberedskapen på lokalsjukehuset er borte.

Les heile saka i Sunnmørsposten