Hopp til hovedinnhold


Kutter døgnberedskap

Jølster: – Vi ønskjer å ha ei god teneste, og krav om folk med fagbrev gjer at vi ikkje får det til å gå i hop med døgnberedskap på Skei, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov.

Jølster: – Vi ønskjer å ha ei god teneste, og krav om folk med fagbrev gjer at vi ikkje får det til å gå i hop med døgnberedskap på Skei, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, skriv Firda Tidend.

Bakgrunn: Dispensasjon fra forskriftskravene opphører

Les også: Autorisasjon "light"?

Innbyggjarane i Jølster har fleire gongar frykta at dei skal miste ambulansen på Skei.

Dei siste somrane har ambulansen vore utan beredskap som følgje av mannskapsmangel, og innbyggjarane har frykta at det skulle vere det første steget mot at ambulansen forsvinn.

No fører strengare krav til ambulansepersonellet til at ambulansen i framtida berre vil vere i beredskap på dagtid. På kveldstid og i helgane må innbyggjarane i Jølster setje sin lit til ein av dei to ambulansane som er i beredskap i Førde.

Diskusjonen om akuttberedskapen i fylket har pågått svært lenge. Heilt sidan forslaget om å kutte fleire ambulansestasjonar i fylket kom i mars i fjor, har temaet vorte diskutert.

Stasjonsrullering
– Til no har vi hatt døgnberedskap på ambulansen i Jølster. På dagtid har vakthavande vore på stasjonen på Skei, medan dei har hatt heimevakt om kvelden og natta. Då skal dei vere på stasjonen innan ti minutt.

For å imøtekome nasjonale kompetansekrav som vert innførte 1. april, der det er krav om at det alltid skal vere personar med fagbrev til stades i ambulansen, har Helse Førde vedteke ei omorganisering av ambulansetenesta i Sunnfjord.

Tal viser at oppdragsaktiviteten går ned om kvelden og i helgane, og vi får det ikkje til å gå i hop med personalet om ambulansen på Skei skal vere døgnbemanna også i framtida, seier Stian Sægrov.

Stasjonen på Skei vert ikkje nedlagt, ambulansen skal framleis vere stasjonert i den gamle HV 10-bygningen. Dei tre fast tilsette får tilbod om å halde fram i stillingane sine, men desse vil no gå i felles turnus med ambulansestasjonen i Førde.

Ein legg opp til ei rotasjonsordning fordelt på dei to stasjoneringsstadane.

Les hele saka i Firda Tidend

Les også: Helse Nord vil mangle godkjente ambulansevikarer