Hopp til hovedinnhold


Luftambulansen måtte på hotell

Luftambulansebasen ved Førde Sentralsjukehus vart i går ettermiddag flytta til Sunnfjord Hotell. Det vart påvist muggsopp i vaktlokalet, og dermed vart det gjort hastevedtak om å flytte mannskapet.

Luftambulansebasen ved Førde Sentralsjukehus vart i går ettermiddag flytta til Sunnfjord Hotell. Det vart påvist muggsopp i vaktlokalet, og dermed vart det gjort hastevedtak om å flytte mannskapet.

Les òg: Må ha ny landingsplass innan tre år

- Brakkeriggen ved sjukehuset har så dårleg inneklima at Norsk Luftambulanse ikkje fann det forsvarleg å ha mannskap på vakt der, seier informasjonssjef Marte Ramborg til NRK.

I dag held luftambulansebasen i Førde til i ei mellombels brakkeløysing og plasthangar.

Men korkje brakkeriggen eller hangaren ved sentralsjukehuset stettar krava det er til bustad for mannskap på vakt, og held heller ikkje mål som teknisk verkstad.

Norsk Luftambulanse bestilte ein rapport av forholda for vaktmannskapet då det oppstod mistanke om muggsopp i brakkene.

Muggsopp i bygget

- Det har vore mistanke om at inneklimaet ikkje har vore bra, og difor bestilte vi ein rapport om det. Og den viste at mistanken om at det er muggsopp der var rett. Og det måtte vi ta konsekvensen av.

Mannskapet på luftambulansen er på vakt døgnet rundt, og oppheld seg difor mykje i bygget.

Les heile saka på NRK