Hopp til hovedinnhold


Vil ha felles naudnummer i Flora

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har gjort vedtak om at ein felles naudnummersentral bør liggje i Flora.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har gjort vedtak om at ein felles naudnummersentral bør liggje i Flora, skriv NRK.

Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner ein av dei nye naudmeldesentralane bør lokaliserast til Flora, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes til Firdaposten.

Justisdepartementet ønskjer å samle dei tre naudnummera til brann, politi og ambulanse i eitt nummer, og samstundes er målet å sentralisere alarmsentralane.

Eit statleg pilotprosjekt i Drammen har prøvd ut det felles naudnummeret, og ei arbeidsgruppe meiner at det bør etablerast sju eller åtte felles sentralar. Desse skal erstatte dagens 23 brannsentralar og dei 19 AMK-sentralane.

Erfaringane frå Drammen vert evaluerte kommande vår, og utfallet her kan avgjere om Florø får den eine av dei sju eller åtte felles sentralane.

Frå før ligg Alarmsentralen Sogn og Fjordane og politiets operasjonssentral i Florø, i tillegg til at kystbyen har redningshelikopterbase.

Les heile saka på NRK