Hopp til hovedinnhold


- Ny base kan bli for liten

Den planlagde helikopterbasen for Haukeland sjukehus kan bli for liten for Sea King-helikopter og dei store transporthelikoptera frå Nordsjøen.

Den planlagde helikopterbasen for Haukeland sjukehus kan bli for liten for Sea King-helikopter og dei store transporthelikoptera frå Nordsjøen, skriv Bergens Tidende.

- Totalt uakseptabelt, seier fagsjef Kjetil Karlsen i LO-forbundet Industri og Energi.

- Når det skjer ulukker eller sjukdom offshore, vil våre folk bli transportert inn i store maskiner. Då må Haukeland sin framtidige helikopterbase vere dimensjonert til å ta imot.

To løysingar
Seksjonsleiar for akuttmedisin ved Haukeland Universitetssjukehus, Guttorm Brattebø, stadfestar at den planlagde helikopterbasen kan bli dimensjonert berre for ordinære ambulansehelikopter, og dermed bli for liten for dei største helikoptertypane.

- Det er to løysingar på dette. Anten må Luftfartstilsynet dispensere frå dei ordinære krava, eller så må Bergen kommune tillate at vi byggjer plattforma stor nok, seier Brattebø.

- Per i dag er ingen av desse to alternativa avklart. Vi ventar ein reaksjon frå Luftfartstilsynet innan kort tid. I kommunen vil reguleringsprosessen ta ein god del lenger tid.

Basen er planlagt ved sida av den nye brannstasjonen ved Store Lungegårdsvann, i utgangspunktet med ein plattform på 34 meter i diameter. Skal dei største maskinene kunne lande, er kravet 40 meter.

- Skilnaden høyrest kanskje ikkje så stor ut, men vi snakkar faktisk om nokså omfattande areal. Og krava til sivile landingsplassar er omfattande, seier Brattebø.

Oljefolket mobiliserer
Stein Håkon Furru er seniorarkitekt i Bergen kommune og prosjektleiar for reguleringsplanane på Nygårdstangen, kor helikopterbasen skal byggjast. Han har ikkje høyrt noko frå Brattebø om at Haukeland Universitetssjukehus ønskjer større landingsplass i løpet av dei fire åra prosjektet har vorte planlagt.

- Vi er midt i ein prosess og Helse Bergen har vore med i planane som er gjort. Det er ikkje rekna at dei største helikoptera skal ha landingsplass der, seier Furru.

Han understrekar at han er open for dialog om landingsplassen, men at han ikkje har fått beskjed om å prøve å gjere landingsplassen større.

No mobiliserer både Oljeindustriens Landsforening (OLF) og arbeidstakarorganisasjonane i Nordsjøen for å få ein base i Bergen som kan handtere Sea King og dei store transporthelikoptera. I motsett fall må desse maskinene lande på Flesland, og pasientane må over i ambulanse for vidare transport.

- Våre medlemmer i Nordsjøen kan ikkje fraktast til sjukehus i vanleg ambulansehelikopter. Og vi kjem ikkje til å sitje roleg å sjå på at dei får eit dårlegare tilbod enn andre, seier Kjetil Karlsen, som er fagsjef for helse, miljø og tryggleik (HMS) i Fagforbundet for Industri og Energi.

Han er heilt klar på at LO-forbundet om naudsynt vil gå heilt til topps med denne saka.

- Dette er ei nasjonal sak. Vi kjem til å kontakte LO-leiar Roar Flåthen om dette, og be han ta saka opp med regjeringa, seier Karlsen.

- Store ting kan skje
Han meiner at det ikkje nyttar å argumentere med statistikk som viser at slike basar i all hovudsak berre blir trafikkert av små helikoptertypar.

- Når noko skjer offshore, så kan det vere store ting. Da kan vi ikkje ha ein base ved Haukeland som vi ikkje får lande på, seier Karlsen.

- Vi må ha helidekk med kapasitet for alle typar redningshelikopter ved alle dei store sjukehusa i landet. Også i Bergen.

Også bransjeorganisasjonen OLF er uroa for utsiktene til ein for liten helikopterbase i Bergen.

- Det er viktig at dette blir dimensjonert for meir alvorlege hendinga enn dei mest daglegdagse, seier informasjonssjef Kjetil Hjertvik i OLF.

- Vi arbeider heile tida med tryggleiken offshore. Det er viktig at dette blir teke hand om også på fastlandet.

Bergen kommune har allereie peika ut plasseringa av basen, like i vasskanten sør for den nye brannstasjonen. No er reguleringsarbeidet i gang.

- Vi ønskjer sjølvsagt ein framtidsretta base der vi også kan ta ned dei største maskinene. No er vi er i god dialog med både Luftfartstilsynet og kommunen, og så får vi sjå kva som går an å få til, seier seksjonsleiar Guttorm Brattebø i Helse Bergen.

Les heile saka i Bergens Tidende