Hopp til hovedinnhold


Utan naudtelefon i to timar

Ingen oppdaga at naudlinja var kutta.

I over to timar kunne ingen ringe inn eller ta imot meldingar på 113-nummeret i Helse Førde, skriv NRK.

Uhellet skjedde på ettermiddagen torsdag 22. oktober i år utan at nokon oppdaga det, skriv Bergens Tidende.

- Det er klart at vi ser svært alvorleg på at eit slikt naudnummer har vore ute av drift. Dette er ei livsviktig teneste, seier assisterande fylkeslege i Sogn og Fjordane, Einar Hovlid, til avisa.

- Uheldige omstende

Lina vart kutta i samband med oppgradering av telefonsentralen ved den akuttmedisinske naudmeldetenesta (AMK) på sentralsjukehuset i Førde. Ein telefonkabel vart ifølgje avisa trekt laus i vanvare.

Helse Førde skriv i sin rapport om hendinga at det heile skuldast "uheldige omstendigheter". I meldeskjemaet skildrar AMK-ansvarleg Øyvind Dahle hendinga som "Forhold som kunne ført til betydelig skade på pasient".

Då hendinga vart oppdaga vart alle naudtelefonar ruta om til AMK Bergen. Kring fem timar etter at lina vart kutta, var AMK Førde attende i normal drift.

Les heile saka på NRKs nettside