Hopp til hovedinnhold


Må ha ny landingsplass innan tre år

Om ikkje kan Helse Førde risikere å miste konsensjonen for luftambulanse.

Om ikkje kan Helse Førde risikere å miste konsensjonen for luftambulanse, skriv NRK.

Styret i Helse Førde godkjente i dag oppstart av arbeidet med å få på plass ein permanent base for luftambulansen.

Helse Førde må ha ny landingsplass innan tre år, eller misser Helse Førde konsensjonen for luftambulanse. Det kjem fram i eit brev frå Luftfartstilsynet.

Møter ikkje krava

Den mellombelse løysinga med helikopterhangar og bustad for personell møter ikkje krava som er sett.

– Personellet bur i vaktbua 24 timar i døgnet, og der er det mugg i veggane. Det går ikkje an, og me treng nye lokaler.

Uroa for dei mjuke tilboda

Styret var samde om vedtaket, men er uroa for dei andre tilboda som til no har vore nedprioritert.

– Eg er bekymra for at me heile tida må skyve på dei mjuke tilboda, seier styremedlem Knut Cotta Schønberg. Han meiner dei akuttmedisinske tilboda kjem føre andre tilbod som til dømes nybygg for Førde barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk.

Les heile saka på NRK