Hopp til hovedinnhold


Ønskjer ny ambulansestasjon

Helse Fonna treng nye lokale til ambulansestasjonen og ønskjer å leiga av kommunen. Men før kommunen byggjer nytt, vil dei vita at tiltaket svarer seg.

Helse Fonna treng nye lokale til ambulansestasjonen og ønskjer å leiga av kommunen. Men før kommunen byggjer nytt, vil dei vita at tiltaket svarer seg, skriv Suldalsposten.


– Det er Helse Fonna som har ansvaret for å byggja og drifta ambulansestasjonen på Sand, men me ser svært positivt på ei samlokalisering av legevakta vår og ambulansetenesta deira. Det blir tryggare for legevakta vår, understrekar helsesjef Bjarne Bråtveit.

Romløysing først
Saman med rådmann Siri Fahlvik Pettersen har han svart på eit utspel frå Helse Fonna, der helseføretaket teiknar opp ei skisse for eit ambulansesamarbeid som inneber at Suldal kommune byggjer ambulansestasjon, Helse Fonna leiger stasjonen og at Suldal kommune kan kjøpa tenester eller personell av ambulansetenesta når dei er ledige.

Kommunen og helseføretaket har hatt eit møte der dei diskuterte saka. Undervegs har kravet frå Helse Fonna variert noko, og ei tid tykte kommunen at det var urimeleg høge krav til forlegningen. Nå melder Helse Fonna i eit brev til kommunen at dette skuldast misforståingar.

Les heile saka i Suldalsposten