Hopp til hovedinnhold


Treng ny base for luftambulansen i Førde

Den noverande er ikkje godkjend for redningshelikopteret.

Den noverande er ikkje godkjend for redningshelikopteret, skriv Firda.  

Luftambulansebasen ved Førde sentralsjukehus har for dårleg teknisk standard, og er heller ikkje godkjend for redningshelikopteret som no har kome i drift.

Helse Førdes administrerande direktør Jon Bolstad ønskjer å få på plass ein ny helikopterbase, og meiner at denne bør stå ferdig til bruk sommaren 2012, før gjeldande konsesjon går ut.

Bolstad ber no styret godkjenne at det blir greidd ut og lagt til rette for bygging av ein permanent base.

Direkte til akuttmottaket
Den nye luftambulansebasen må etter direktørens meining bli lagt slik at ein kan få kort og innomhus transport av pasientane frå landingsplass til akuttmottak, utan å bruke ambulansebil, slik ein må i dag.

Nye-basen må vere framtidsretta og funksjonell og kunne utvidast vidare, og den må vere stor nok til også å ta ned redningshelikopteret utan å hindre annan naudsynt trafikk.

700 flygingar i året
Bruken av ambulansehelikopteret har auka kraftig sidan starten i 1992. Dei siste åra har det blitt gjennomført omlag 700 flygingar i året.

I dag held luftambulansebasen i Førde til i ei mellombels brakkeløysing og plasthangar.

Korkje brakkeriggen eller hangaren ved sentralsjukehuset stettar i dag dei krav det er til bustad for mannskap på vakt, og held heller ikkje mål som teknisk verkstad. Luftfartstilsynet har gitt tidsavgrensa konsesjon for den mellombelse basen, for å skunde fram etableringa av ein ny.

Manglar pengar
Problemet er at det området ved FSS området som flyteknisk sett vil eigne seg best for ny base, er rekna som flaumfarleg.

Eit anna og ikkje uvesentleg problem er at Helse Førde i dag ikkje har midlar til å realisere det nye base-prosjektet.

I tilrådinga si legg Bolstad opp til at løyvingane til planarbeidet som må gjerast skal inn i budsjettet for 2010.  

Les heile saka i Firda