Hopp til hovedinnhold


Dårleg brøyting kunne ha kosta liv

– I verste fall kunne det gått med liv på grunn av dårleg brøyting, seier ambulansesjåfør Bjørn Inge Haugås. Laurdag hadde han og kollega Eivind Vale ein tur over til Rjukan på ein mest uframkomeleg veg. På veg tilbake fekk dei melding om ein gut som trong for omgåande hjelp.

– I verste fall kunne det gått med liv på grunn av dårleg brøyting, seier ambulansesjåfør Bjørn Inge Haugås til Vest-Telemark Blad.

Laurdag hadde han og kollega Eivind Vale ein tur over til Rjukan på ein mest uframkomeleg veg. På veg tilbake fekk dei melding om ein gut som trong for omgåande hjelp.

Dei skulle over til Rjukan sjukehus. Då dei kom forbi Rauland skisenter fekk dei prøve seg på ein veg som mest var uframkomeleg.

Med meir enn 15 centimeter med tung, våt slaps i vegbanen kom mest ikkje ambulansen fram på flat mark.

Ambulansesjåførane ringte inn til vegsentralen og sa frå korleis forholda var. Då fekk dei beskjed om at dei alt hadde fått ein telefon ti minuttar tidlegare og at dei var klar over situasjonen.

20 til 30 kilometer i timen
Vegen over til Rjukan var stort sett slik heile vegen, og ein tur som normalt ville tatt ein time, tok denne kvelden ein og ein halv time. Fyrst på veg heim att møtte dei brøytebilen. Da hadde det gått over ein og ein halv time sidan dei ringte vegsentralen.

På turen tilbake fekk dei det dei frykta, melding om ein akuttur til Rauland. Ein ni år gamal gut hadde fått ein alvorleg allergisk reaksjon, og dei var den nærmaste ambulansen.

– Vegen var dekt med ein tykk, fast graut av slaps som ikkje gav bilen noko veggrep. Me måtte køyre i mellom 20 til 30 kilometer i timen. Det var det verste eg nokon gong har sett, seier Bjørn Inge Haugås, som har arbeidd som ambulansesjåfør i 12 år.

På grunn av kjøreforholda tok dei kontakt med både legevakta og familien for å gje beskjed om at køyreforholda førde til at dei blei noko forseinka. Tilkalling av helikopter var heller ikkje noko alternativ på grunn av vêrforholda. Heldigvis hadde familien medisin som dei sjølve kunne gje guten, og for å korte ned køyretida møtte dei ambulansen på vegen.

– Me var ikkje framme på staden før klokka 22.25. Heldigvis gjekk det bra med guten, men denne situasjonen kunne ha vore livstrugande og i verste fall kunne det ha gått med liv på grunn av dårleg brøyting, seier Bjørn Inge Haugås.

– Det kan ikkje ha vore brøytt på denne strekninga sidan snøfallet på fredag. Det var fortvilande å køyre ambulanse mot eit akutt tilfelle når me må køyre i sniglefart, legg Eivind Vale til.

Problemstrekning
Vegen mellom Rauland og Rjukan har vore ei problemstrekning for ambulansen over lengre tid. I fjor vinter gjekk det så langt at ambulansen nekta å køyre på vegen.

– På det verste kunne me måle støyen inne i bilen til mellom 90 til 110 desibel, og då nekta me å køyre på vegen før han hadde blitt skrapa. Me har òg bilar med svært verdifullt medisinsk utstyr som blir rista sundt sommar som vinter. Det er ein vanskeleg situasjon, fortel Haugås.

Betre blir det ikkje av at det mellom Varland og Brattås manglar både mobil- og sambandsdekning, så der bør ein ikkje setta seg fast.

Slik skal det ikkje vera
Distriktsvegsjef i Øvre-Telemark, Trude Holter, kunne måndag informere om at det var mange som hadde ringt til vegsentralen om dårleg føre på denne strekninga laurdag. Då var alt to brøytebilar ute, men entreprenøren burde ha vore tidlegare ute, meiner ho. Holter reagerar på meldingane om 15 centimeter slaps stadvis på vegen.

– I fylgje kontrakten me har med entreprenøren skal det aldri vera meir enn 8 centimeter snø i vegbanen på denne vegen. Dette var ikkje ein situasjon med ekstremvêr og vêrendringane var varsla. Me har alt vore i møte med entreprenøren der desse meldingane er tatt opp. Slik som dette skal det ikkje vera, seier Trude Holter.

Les heile saka i Vest-Telemark Blad