Hopp til hovedinnhold


Avlyst konkurranse om ambulansebåt i Sande

Helse Sunnmøre HF har avlyst konkurranse om båtambulansetenester i Sande og Haram.

Helse Sunnmøre HF har avlyst konkurranse om båtambulansetenester i Sande og Haram.

Bakgrunnen er at Helse Sunnmøre har teke imot klagar på kontraktstildelinga for drift av båtambulansetenestene for øyane i Haram og Sande kommunar.

I klagene vart det mellom anna argumentert med at helseføretaket hadde gjort så vesentlege endringar i konkurransegrunnlaget at det i realiteten vart nye konkurransar. På bakgrunn av denne argumentasjonen har Helse Sunnmøre vedteke å avlyse dei pågåande konkurransane. Det vil snarleg bli lyst ut nye konkurransar for desse tenestene.

Dette gjer at helseføretaket ikkje får på plass dei nye kontraktane til nyttår. Helse Sunnmøre reknar med å få på plass avtaler om vidare drift med dagens fartøy, og at detaljane rundt ei slik forlenging er klar innan utgangen av november.

Les heile saka i Vikbladet