Hopp til hovedinnhold


Kritikk av ambulansar i Helse Førde

På lange turar har pasientane opplevd kalde ambulansar, bilbytte på ferjeleie og å ikkje få mat på turen.

På lange turar har pasientane opplevd kalde ambulansar, bilbytte på ferjeleie og å ikkje få mat på turen.

Solveig Borren hugsar med gru transporten frå Haukeland sjukehus til Førde. Etter å ha vore hjarteoperert vart ho frakta med ambulanse, men måtte bytte halvvegs på ferjeleiet.

Då fraus ho, og i tillegg var ho kvalm av svolt.

Ho fekk verken mat før ho drog, undervegs eller når ho kom fram. Det var fyrst ut på kveldinga når ho var innlosjert på avdelinga at ho fekk nokre skiver med ost. Ho summera opp det heile slik:

– Det var mildt sagt j..., eg ville ikkje ha gjort det om att, heller ikkje om eg hadde vore frisk.

Har klaga

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon har no klaga til Helse Førde.

Gro Indrebø, som er fylkessekretær i organisasjonen, kan fortelje om at dei har fått inn fleire liknande historiar.

Det er kalde bilar, mangel på mat og ukomfortable ambulanseskift på ferjene som går igjen.

– Me har inntrykk av at dette er noko som gjentek seg. Ambulansetenesta er ein veldig viktig teneste i Sogn og Fjordane, med den geografien og dei avstandane me har, seier Indrebø.

Kjenner seg ikkje att

Ambulansesjef, Stian Sægrov, kjenner seg ikkje att i kritikken.

På generelt grunnlag syner han til at dei har rutinar på det meste, for eksempel har bilane kupevarmarar som skal nyttast om bilen står i ro. Og sjåførane kan handle mat undervegs.

Les heile saka på NRK