Hopp til hovedinnhold


Tek over ambulansebåttenesta i Sande

Frå nyttår tek Aktiv Omsorg AS over ambulansebåttenesta i Sande, har Helse Sunnmøre vedteke.

Frå nyttår tek Aktiv Omsorg AS over ambulansebåttenesta i Sande, har Helse Sunnmøre vedteke.

Vestlandsnytt skriv at det i utgangspunktet var tre interessentar då Helse Sunnmøre la ambulansebåt-tenesta ut på anbod.

Den eine interessenten forsvann fort ut av bildet - og det vart ein kamp mellom Aktiv Omsorg og Sande Båtutleige. I denne kampen tapte Sande Båtutleige. I følgje innkjøpsleiar Helse Sunnmøre, Terje Hartvigsen, var der ein viss skilnad i både pris og innhald på dei to tilbydarane.

Aktiv Omsorg melder at dei skal vere klare med ein spesialdesigna og ny ambulansebåt frå nyttår.

Dagleg leiar Anders Riise seier seg glad for tildelinga, men vil avvente å gå ut med fleire detaljar om den nye ambulansebåten før tildelinga er endeleg avklara.

Det er nemleg høve til å klage på tildelinga, og Jarle Støylen i Sande Båtutleige seier til Vestlandsnytt at han ikkje har bestemt seg for om han kjem til å gjere det.

Støylen er kritisk til fleire sider ved tildelinga, bl. a. til at det nye opplegget inneber at ein går ned på fartystorleik og mannskap i eit område som set krav til farty og tryggleik.

Les heile saka i Vikebladet: Aktiv Omsorg vil ta over ambulansebåt-tenesta i Sande