Hopp til hovedinnhold


Reddar liv

Hjartestartarar reddar liv. Når situasjonen er kritisk, og eit hjarte stoppar, er det viktig å handla rett. Det ønskjer Suldal Røde Kors og Geir Brustveit å bidra til.

Hjartestartarar reddar liv. Når situasjonen er kritisk, og eit hjarte stoppar, er det viktig å handla rett. Det ønskjer Suldal Røde Kors og Geir Brustveit å bidra til.

Suldal Røde Kors ønskjer å heva kompetansen til innbyggjarane i Suldal i førstehjelp, mellom anna i bruken av hjartestartarane. Framover har dei planlagt fleire kurs for suldølen.

Dette gjeld både privatpersonar og bedrifter. Målet er rett og slett at fleire skal kunna redda liv når noko går gale.

Knut Helland i Suldal Røde Kors fortel at i prinsippet kan kven som helst bruka desse hjartestartarane, men at det er ein svært stor fordel å vera kursa i bruken.

Sjølve hjartestartaren er sjølvinstruerande. Når du opnar opp loket, vil ein stemme fortelja deg korleis du skal gå fram, mellom anna for å festa elektrodane.

Hjartestartaren vurderer sjølv situasjonen til pasienten. Viss personen framleis har ventrikkelflimmer (muskelrørsler) i hjartet, vil personen få støt.

Har personen lege lenge, og det ikkje lenger er rørsler i hjartemuskelen, gir ikkje maskina støt, men då er det viktig å setja i gang hjarte- og lungeredning.

Beredskapsgrupper
Det lokale redningskorpset har sjølv utdanna personale som er samla i beredskapsgrupper rundt i den vidstrekte kommunen.

Det er 147 personar som er knytt til denne gruppa, og rundt femti av dei står oppført på ei liste som Røde Kors kan ringja dersom AMK kallar dei ut.

Skjer det ein hjartestans på Nesflaten, og ambulansen er opptatt, kan AMK-sentralen (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) ringja ein i beredskapsgruppa i Øvre Suldal/Nesflaten som kan rykka ut med hjartestartaren.

Geir Brustveit i Suldal Røde Kors fortel at denne ordninga er spesiell for Suldal, og ordninga styrkjer og effektiviserer beredskapen i kommunen.

Les heile saka i Suldalsposten: Reddar liv