Hopp til hovedinnhold


Ny metode for hjerteblokking

Hjerteavdelinga på Haukeland er ein av få stader i Europa som gjer bruk av ny teknikk for å behandle umoglege hjerteårar, såkalla retrograd PCI.

Hjerteavdelinga på Haukeland er ein av få stader i Europa som gjer bruk av ny teknikk for å behandle umoglege hjerteårar, såkalla retrograd PCI.

– Ved å gå inn "bakvegen" (retrograd) frå ei frisk hjerteåre, kan vi opne attgrodde hjerteårer som vi tidlegare ikkje nådde, seier overlege Vegard Tuseth om teknikken Retrograd PCI (opning av tette hjarteårar).

Sidan 2007 har det blitt gjennomført ti slike operasjonar ved Haukeland. 6. oktober i år arrangerte avdelinga eit nordisk møte der denne teknikken ble vist fram med direkte overføring frå hjertekateteriseringslaben til møtelokalet, der spesialistar frå fleire land var samla.

– Metoden krev ein spesiell teknikk, avansert utstyr og sjølvsagt ein grundig og påpasseleg operatør. På Haukeland har vi både utstyret og kompetansen som skal til for å utføre slike operasjonar, understrekar Tuseth som arbeider ved Hjerteavdelinga sin seksjon for hjerteintervensjon (HINT).

Skånsam behandling
Hjarte- og karsjukdommar er framleis den vanlegaste dødsårsaka i Noreg. Dei siste tiåra har utviklinga i medisinsk teknologi ført til omfattande endringer i behandlingsmetodane. Avansert bildeteknologi, kombinert med instrumentutvikling, har gitt stor framgang i bruk av kateterbaserte teknikkar.

Kvart år kan ca 1500 pasientar på Haukeland følgje med når tette årer i hjartet blir "blokka" ut. Pasientane er vakne under heile behandlinga.

– Nå er det slik at stadig fleire blir blokka ut i staden for operert, noko som gir ein heilt annen og meir skånsam behandling. Ved å innføre ei sonde i blodårene kan vi få lokalisert dei farlege innsnevringane. Vidare kan vi føre inn utstyr gjennom sonden som kan utvide årane og medverke til å reparere skaden, seier Tuseth.

Mindre traumatisk
Behandlinga blir utført gjennom eit tynt rør, eit kateter, som blir ført frå pulsåra ved handleddet eller frå lysken opp til hjartet. Gjennom kateteret føres ballong og stent (eit metallgitter forma som ein sylinder) inn i kransåra som skal behandlast.

Ei PCI-behandling er over på nokre timar, og pasientane er som regel fort tilbake på beina. Mange begynner i jobb allereie få dagar etter behandlinga.

– Ikkje alle åreforsnevringar egnar seg for PCI- eller Retrograd PCI-behandling. Viss forsnevringane ikkje ligger til rette for blokking, blir det som regel anbefalt operasjon, seier Tuseth.

  • Fakta:
    I 1929 stakk den tyske medisinstudenten Werner Forssmann eit kateter inn i si eiga arm og førte det 65 cm oppover ei blodåre. Deretter spaserte han til røntgenavdelinga på sjukehuset for å få tatt et bilde. Kateteret hadde havna i høyre hjartekammer.Dette halsbrekkande stuntet var starten på det som etter 1940 ble utviklet til ein svært viktig diagnoseteknikk: Kateterisering.


Les heile saka på Haukeland Universitetssjukehus si nettside