Hopp til hovedinnhold


Angreip lege og øydela bilen

Rusvold i ambulansen og på legekontoret: Mannen vart svært hissig og gjorde skade på både legen og to bilar.

Rusvold i ambulansen og på legekontoret: Mannen vart svært hissig og gjorde skade på både legen og to bilar.

Det var 1. juledag i fjor at mannen i slutten av 30-år vart frakta i ambulanse til legesenteret i Svelgen.

Legen slått ned

Under turen vart den rusa mannen aggressiv og sparka i eit kupélys som vart øydelagd.

Då dei var framme ved legesenteret helsa mannen og legen på kvarandre. Då legen snudde seg for å låse opp døra, slo tiltalte han på sida av hovudet slik at han fall i bakken. Deretter vart legen sparka fleire gonger hardt i sida og på ryggen.

Klarte å rømme

Ved hjelp av ambulansesjåføren kom legen seg etterkvart på beina igjen. Tiltalte fulgte etter dei og heldt fram med å sparke legen. Han fall, snubla og fall på bakken fleire gonger. Legen og ambulansesjåføren klarte etterkvart å rømme unna.

Knuste ruter

Ein hjelpepleiar som var med hadde søkt tilflukt i ambulansen med dørene låste. Tiltalte slo og sparka i bilen slik at fleire lykter vart knuste. Han knuste deretter fleire ruter på legekontoret.

Øydela bil for 85 000 kroner

Etterkvart fann mannen ein stor stein som han gjentekne gonger slo mot bilen til legen. Alle rutene var knuste og det vart fleire skader på karosseriet. Det vart gjort skader for 84 922 kroner på denne bilen.

Då lensmannen kom til staden gjorde tiltalte teikn til også å slå mot denne bilen, men vart overmanna at lensmannen. Tiltalte fekk handjern på seg og uttalte at han skulle drepe legane fordi dei hadde øydelagt livet hans. Etterkvart vart han frakta til Førde sentralsjukehus der han var innlagt.

Legen som vart slått og sparka vart sjukmeldt etter hendinga på grunn muskelsmerter og psykiske reaksjonar etter det som skjedde.

Sa seg skuldig

Tiltalte sa i retten at han ikkje hugsa så mykje, men han sa seg skuldig etter tiltalen. Han har også uttrykt anger for det som skjedde.

I skjerpande retning har retten lagt vekt på deler av valdshandlinga gjekk ut over hovudet på legen. Retten har også lagt vekt på at den fornærma låg på bakken då han vart sparka.

Fengsel og samfunnsstraff

Fjordane tingrett dømde mannen til fengsel i 21 dagar og 120 timar med samfunnsstraff.

Han må også betale 99 526 kroner i erstatning for skade på bilen og for bruk av leiebilen medan bilen til legen var til reperasjon. I tillegg må han betale 2000 kroner i sakskostnader.

Les heile saka på NRK