Hopp til hovedinnhold


Kvinne med lårhalsbrot måtte venta på ambulanse i fire timar

Bestemora låg minst fire timar med lårhalsbrot og venta på ambulanse. - Vi fekk beskjed om at bilen akkurat var køyrt frå Osterøy, seier familien.

Bestemora låg minst fire timar med lårhalsbrot og venta på ambulanse. - Vi fekk beskjed om at bilen akkurat var køyrt frå Osterøy, seier familien.

Les også i Bygdanytt: Ambulansesjefen legg seg flat - Det burde ikkje ha gått meir enn ei time.

Barneborna til ei 87 år gamal kvinne frå Hosanger er sterkt kritiske til ventetida. Torsdag 10. september fekk dei telefon frå heimehjelpa som var på morgonvitjing heime hos bestemora deira.

- Klokka var rundt 09.30 om morgonen då heimehjelpa kom. Ho fann mormor i gangen, og kvinna kunne ikkje røra på seg. Heimehjelpa prøvde å få henne på beina, men mormor hadde altfor store smerter, fortel Monika Hartveit.

Tilkalla ambulanse tidleg
Saman med kusina Siren Tyssebotn vart ho og resten av familien kontakta like etter at bestemora vart funnen. Då hadde heimehjelpstenesta tilkalla ambulansen etter først å ha søkt råd hos legekontoret i kommunen.

Det skulle visa seg å ta lang tid før ambulansen kom til Hosanger.

- Vi fekk tilbakemeldingar om at sjukebilen som er stasjonert på Osterøy, akkurat hadde køyrt til Bergen med ein passasjer. Det vart ikkje sendt nokon ny ambulanse frå byen, og vi fekk inntrykk av at vi måtte venta på at Osterøy-bilen var ledig igjen, fortel Hartveit.

87-åringen fekk assistanse frå heimehjelpa og etter kvart også familien, men kunne ikkje røra seg. Ho låg på golvet i eigen heim, medan smertene vart kraftigare.

Brakk seg av smerte
- Ho kom seg ikkje på beina og fekk berre meir og meir vondt. Dei pakka henne inn i putar og dyner og gav henne smertestillande, men det hjelpte lite. Til slutt hadde ho så vondt at ho brakk seg medan dei venta, seier barneborna.

Familien vart heile tida underretta om stoda for ambulansen, og Tyssebotn var klar i Lonevåg for å bli med bilen til sentrum. Det skulle ta fire timar frå telefonen til AMK-sentralen før 87-åringen kunne koma seg ut frå eigen heim.

Då hadde utrykkingsbilen mellom anna køyrt feil og hamna i Haus undervegs, noko som ytterlegare forseinka hjelpa.

- Då eg kom inn i ambulansen, tok det tid før bestemor kjende meg igjen. Ho hadde lege svært lenge på eit kaldt golv, seier Tyssebotn.

Då den pleietrengjande kvinna til slutt var framme på Haukeland Sjukehus, vart det konstatert brot på lårhalsen. Det er uvisst kor tid ho har falle og slått seg, og kor lenge ho låg hjelpelaus før heimehjelpa kom.

-Hårreisande
Familien er svært oppbrakt etter hendinga. Dei meiner det er uakseptabelt at det ikkje vart sendt ambulanse tidlegare.

- Det er veldig ille og hårreisande at ein person må ligga så lenge med eit lårhalsbrot. Ein kvar kan setja seg inn i korleis det må vera å venta så lenge. Det er ille enten det gjeld meg, deg eller mi mormor, seier Monika Hartveit.

Ho peikar på at bestemora kunne ha hatt indre skadar, som ikkje ville vore like lett for ei heimehjelp å oppdaga.

Siren Tyssebotn arbeider sjølv som heimehjelp, og meiner vedkomande gjorde det ho kunne. Men det som skjedde etter at helsevesenet i kommunen tok kontakt med AMK-sentralen i Bergen, stiller dei store spørsmål ved.

- Det verkar ikkje logisk at det berre skal vera éin ambulanse tilgjengeleg for Osterøy. At dei som køyrer han har så lite lokalkunnskap at dei køyrer feil, er også kritikkverdig.

Familien har vore i kontakt med kommunelegen på Osterøy og fått støtte frå det haldet. No vurderer dei å klaga saka inn for helsetilsynet.

- Vi hadde ikkje gått så langt med dette om vi ikkje meiner det er ei alvorleg sak. No håpar vi at ved å setja fokus på dette kan vi unngå at noko slikt skjer igjen, seier familien.

Les heile saka i Bygdanytt: Kvinne med lårhalsbrot måtte venta på ambulanse i fire timar