Hopp til hovedinnhold


Nytt akuttmottak: Kan ta imot 120 pasientar per døgn

- Det nye akuttmottaket kjem i trettande time, stadfesta viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad før ho klipte snora og erklærte det nye Akuttmottaket på Haukeland for opent.

- Det nye akuttmottaket kjem i trettande time, stadfesta viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad før ho klipte snora og erklærte det nye Akuttmottaket på Haukeland for opent.

Første trinn i ein lengre byggeprosess er no fullført, og 1700 ekstra kvadratmeter står klart til å tas i bruk.
Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at ombygginga har bydd på store utfordringar:

- Vi kan sjå tilbake på over to år med bråk, støv og arbeidsfolk overalt. Ein mildt sagt krevjande periode for både pasientar og tilsette, fortel Heidi Brevik, avdelingsleiar for Akuttmottaket.

Før og no
Det gamle mottaket ble bygd for å ta imot 35 pasientar i døgnet. I dag kjem i snitt 85 pasientar kvar dag, noko som til tider har medført uverdige forhold for pasientane.

- Pasientar har til tider lagt uskjerma på gangane tett i tett, fordi vi ikkje har hatt plass til dei andre stader. Endeleg får vi plass til å skjerme pasientane på ulike venterom, og bruke spesialromma til det dei er meint for, understrekar Heidi Brevik.

Med nye venterom, pasientrom, resepsjon og personalbase vil det nye Akuttmottaket kunne ta imot inntil 120 pasientar per døgn.

- Med dei nye lokala kan vi gi pasientane eit betre tilbod enn det enn det dei har fått tidlegare. I tillegg vil det nye Akuttmottaket skape mykje betre arbeidsforhold for dei tilsette, seier Brevik.

Pasientauke i 2008
Nesten 30 000 pasientar ble innlagt ved Akuttmottaket i løpet av 2008, noko som var ei auke på 9 prosent frå året før. Når pågangen har vært stort, har ventetida blitt lang. Dei pasientane som ikkje tilhøyrer akutt- eller hastekategorien, har blitt sitjande i fleire timar utan å få tilstrekkeleg informasjon.

- Tilgangen til fleire behandlingsrom trur og håper vi vil korte ned ventetida i det nye akuttmottaket, seier Brevik.

Les heile saka og sjå bileter på Helse Bergens nettside