Hopp til hovedinnhold


Køyrekurs for ambulansepersonell

Vil gi blålys og lyd av sirener: Aktiv Omsorg, drivar av ambulansetenestene mellom anna i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande, arrangerer i tidsrommet 14. september til 24.september køyrekurs for sine tilsette.

Vil gi blålys og sirener: Aktiv Omsorg, drivar av ambulansetenestene mellom anna i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande, arrangerer i tidsrommet 14. september til 24.september køyrekurs for sine tilsette.

Det medfører ein del køyring med blålys og sirene i trafikkbildet på Sunnmøre. Bilane, uniformerte gule firehjulstrekkarar, vil vere godt synlege.

Dyktige instruktørar frå Ullevål Universitetssjukehus instruerer deltakarane i utrykningskøyring, køyrepsykologi og tryggleik. Dette kurset er obligatorisk for å kunne køyre eit uniformert utrykningkøyrety med blålys og sirene.

Oppkøyring vil skje i Førde, i slutten av inneverande månad.

Vi oppmodar trafikantar om å ta omsyn til bilane og ha forståing for at denne type kurs er naudsynt for å kvalitetssikre ambulansetenesta.

Les heile saka i Vikabladet: Køyrekurs for ambulansepersonell vil gi blålys og lyd av sirener