Hopp til hovedinnhold


Fire månader med pasientjournalar er borte

Vart sletta under dataoppgradering.

Vart sletta under dataoppgradering.

Les heile saka på NRK

Det var i juli i år at kommuneoverlege Frode Veian i Lillehammer slo alarm. Da mangla det tryggleikskopiar for fire månaders pasientjournalar ved legevakta i Lillehammer.

Ingen har klart å spore opp journalane, og Veian legg ikkje skjul på at dette er ei svært alvorleg sak.

- Det er ikkje heile journalane som er borte, men dei notata og kontaktane som har funne stad i løpet av denne perioden.

Pasientjournalane er nødvendige, ikkje berre til å gje eit komplett bilete av sjukehistoria til ein person, men kan også trengast i samband med til dømes erstatningssøksmål, forsikringssaker og politisaker.

Har ikkje fått svar
Kommuneoverlegen fortel at han har teke opp saka med IKT-avdelingen både ved sjukehuset i Gjøvik og Sjukehuset Innlandet fleire gonger, utan å få svar.

- Dei har ikkje klart å finne desse kopiane, og har heller ikkje gjeve noko svar til oss. Det tykkjer eg ikkje er bra, det virkar som om dei ignorerer meg, seier Veian.

Han reagerer også på at det ikkje finst noko varslingssystem som fangar opp når noko går gale.

- Det er graverande at det ikkje finst noko slikt. Vi burde fått melding om at det var ei svikt, her vart det oppdaga heilt tilfeldig.

- Personleg feil
Viseadministrerande direktør Torgeir Strøm seier at det er ein personleg svikt som fører til at journal-notata truleg er borte.

- Det har skjedd ein personleg feil i forhold til reinstallasjon av ny programvare.

Han seier at dei jobbar på spreng med å finne att journalane, og beklager at kommuneoverlege Frode Veian ikkje har fått svar.

- Han skal få svar, og vi jobbar intenst med å gje eit så godt svar som mogleg.