Hopp til hovedinnhold


Forsikringsselskap driv uthaling

Helse Førde meiner utanlandske forsikringsselskap spekulerer i å hale ut tida i pasientsaker for å sleppe å betale heimreiser med ambulansefly.

Helse Førde meiner utanlandske forsikringsselskap spekulerer i å hale ut tida i pasientsaker for å sleppe å betale heimreiser med ambulansefly.

Les heile saka på NRK

I eitt tilfelle gav eit russisk ektepar til slutt opp og skreiv seg sjølve ut og reiste heim med rutefly, fortel fagdirektør Svenning i Lida.

– Eg må seie at det er ein ny situasjon for oss at vi må forhandle så lenge med forsikringsselskap om medisinske ting.

Spekulerer i å hale ut tida

Årleg behandlar sjukehuset i Førde utanlandske pasientar for kring fire millionar kroner, i tillegg kjem ambulansekostnader på kring ein million.

Og det er når pasientane kjem frå land utanfor EU det blir vanskeleg, særleg når det gjeld USA og land i det tildlegare aust-Europa. Tom Ole Dyrstad, som er avdelingssjef på akuttmottaket i Førde, har eit inntrykk av forsikringsselskapa spekulerer i å hale ut tida.

Stadig nye spørsmål

– Ja, det vi opplever er at det kjem spørsmål ein dag om ei problemstilling, så svarar vi på det, neste dag kjem det eit nytt spørsmål om ei anna problemstilling, og slik held det fram dag etter dag. Så ein kan enkelte gonger få inntrykk av at forsikringsselskapet trenerer situasjonen i håp om at pasienten blir såpass frisk at han kjem seg heim på bilegast mogeleg måte.

Ambulansebil frå Tsjekkia

I den eine av to saker der sjukehuset i sommar ville sende heim pasientar i ambulansefly enda det med at det i det eitt tilfelle blei sendt ein ambulansebil frå Tsjekkia til Norge for hente ein pasient.

Heim for eiga rekning

I den siste saka gav eit russisk ektepar rett og slett opp. Dei var så fortvila over at dei berre vart liggande i Førde at dei til slutt skreiv seg ut av sjukehuset sjølve og kjøpe flybillett heim for eiga rekning, fortel fagdirektør Svenning i Lida.

– Vi hadde klare tilrådingar om korleis og på kva måte transporten skulle skje, og det vart ei dyr løysing. Men då vart det ikkje slik, tida gjekk, og då valde pasientane å skrive seg ut og ordne med eiga heimreise sjølv.

– Fordi det vart enklare enn å gå gjennom forsikringsselskapet?

– Ja, det kan verke slik.