Hopp til hovedinnhold


Statens Helsetilsyn er uroleg for kompetansenivået

- Sjølv om Statens helsetilsyn meiner at akuttberedskapen er oppretthalden i ferietida, er vi urolege for sider ved det biletet som kartlegginga syner, skriv Statens Helsetilsyn på sine nettsider.

- Sjølv om Statens helsetilsyn meiner at akuttberedskapen er oppretthalden i ferietida, er vi urolege for sider ved det biletet som kartlegginga syner, skriv Statens Helsetilsyn på sine nettsider.

Les heile saka hos Statens Helsetilsyn: Akuttberedskapen er oppretthalden i ferietida

Tysdag 14. juli 2009 gjorde dei ei landsomfattande kartlegging av bemanning og kompetanse hjå personellet på alle ambulansebilar som var i akuttberedskap her i landet.

Resultata frå kartlegginga syner at det var heile 488 bilar i beredskap, dei fleste på døgnbasis. Dette er om lag 1 bil per 10.000 innbyggjarar, og svarar til den beredskapen som ein har også utanfor ferietida. I kartlegginga vår har vi berre funne at to bilar i heile landet var tekne ut av akuttberedskap på grunn av feriesituasjonen.

Det er ganske omfattande bruk av vikarar. Kompetansen til desse er sterkt varierande og i ulik grad sikra gjennom opplæring. Vidare ser vi at ein mange stader framleis i dag har så store avvik frå forskriftskrava at dei vil ha problem med å kome i mål med fullverdig kompetanse innan 1.4.2010 når overgangsordninga sluttar å gjelde.

For stoda i dei ulike ambulanseområda, sjå tabellen:


Bilambulansar på vakt tysdag 14. juli 2009 kl. 08 -15
Helseføretak Totalt I samsvar med forskrifta Ikkje i samsvar med forskrifta Vurdert som uforsvarleg
Helse Finnmark 30 15 15 0
UNN 47 30 17 0
Nordlandssykehuset 30 20 10 0
Helgeland sykehus 16 4 12 0
Helse Nord-Trøndelag 25 25 0 0
St. Olavs hospital 27 21 6 0
Helse Nordmøre og Romsdal 21 20 1 0
Helse Sunnmøre 17 13 4 0
Helse Førde 28 18 8 2
Helse Bergen 25 17 8 0
Helse Fonna 18 11 7 0
Helse Stavanger 15 14 1 0
Sørlandet sykehus 29 27 2 0
Sykehuset i Vestfold og Telemark 28 26 2 0
Vestre Viken 26 24 2 0
Oslo universitetssykehus 39 38 1 0
Sykehuset innlandet 50 39 11 0
Sykehuset Østfold 17 15 2 0
         
Totalt 488 377 109 2
    77% 22% <1%

(Med atterhald om mogelege reknefeil.)