Hopp til hovedinnhold


Mista ambulanseautorisasjon

Ein ambulansetilsett frå Sogn og Fjordane har mista autorisasjonen sin grunna medikamentsvinn.

Ein ambulansetilsett frå Sogn og Fjordane har mista autorisasjonen sin grunna medikamentsvinn.

Les heile saka på NRK: Mista ambulanse-autorisasjon

I 2008 vart det oppdaga medikamentsvinn frå ein ambulanse. Sidan har saka vore etterforska av Helsetilsynet.

Fungerande direktør i Helsetilsynet, Terje Jensen, seier slike saker er alvorleg.

– Medikamentsvinn er eit alvorleg forhold, som oftast medfører tap av autorisasjon for helsepersonell, fortel han.

To mistenkte

Den ambulansetilsette som no mista autorisasjonen, er éin av to som er mistenkt for medikamentsvinnet. Den andre saka er framleis under etterforsking.

Då saka vart først kjend for Helse Førde, vart dei to ambulansearbeidarane tatt ut av teneste medan saka vart etterforska. Helseføretaket sende saka vidare til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane. Deretter hamna saka hjå Statens helsetilsyn.

Ambulansesjef Stian Sægrov seier dei svært sjeldan har slike saker.

– Vi har vel hatt éi slik sak i mi tid, seier han.

– Strenge rutinar

Han tykkjer reaksjonen er streng, men forståeleg på bakgrunn av alvorsgraden i saka.

– Det er ubehageleg når slikt skjer i ei såpass lita ambulanseteneste som vi har her i fylket, seier han.

Sægrov fortel at tilgangen på medikament er lett, men at rutinane knytta til uttak og forbruk er så strenge at det er lett å halde oversikta.

Men han fortel at dei har gått gjennom rutinane sine etter at denne saka kom opp.

– Det skal no vere endå betre dokumentasjonskrav knytt til legemiddeladministrasjonen i ambulansetenesten, slår han fast.