Hopp til hovedinnhold


Kvalm av helikoptereksos

Tilsette ved Ålesund sjukehus må avbryte arbeidet på grunn av kvalme, hovudverk og ubehag.

Tilsette ved Ålesund sjukehus må avbryte arbeidet på grunn av kvalme, hovudverk og ubehag.

Les heile saka på NRK: Kvalm av helikoptereksos

- Heldigvis er det ikkje helsefare knytt til dette, men det er uakseptabelt at tilsette er plaga, seier Helge Ristesund, assisterande administrerande direktør i Helse Sunnmøre.

Difor vil han prøve å få gjort noko med denne saka rett over sommaren.

Nytt helikopter

Problema starta då det nye ambulansehelikoptret kom i fjor haust. No har Helse Sunnmøre og assisterande administrerande direktør Helge Ristesund invitert luftambulansetenesta til eit møte for å finne ei løysing på problemet.

I Ålesund er det mange som har klaga, og Helse Sunnmøre har og motteke klagar frå naboar av sjukehuset.

- Kva løysing som fins på dette er altfor tidleg å seie, vi har som sagt ikkje sett oss skikkeleg inn i saka sjølv, men er svært interesserte i å høyre meir om situasjonen når vi snakkar med sjukehuset over sommaren. Ambulansehelikopteret i Ålesund fyller ein svært viktig funksjon, så det er ikkje så enkelt som å fjerne det, seier Ristesund.

Ikkje problem andre stader

Luftambulansetenesta har i alt tolv helikopter, og tre av denne typen. Dei to andre er i Brønnøysund og Tromsø. Medisinsk rådgjevar i luftambulansetenesta Pål Madsen har ikkje motteke meldingar om liknande problem desse stadene.

- Det er ei kjend sak at helikoptertrafikk gir nokon luktplager når ein landar, så dette er ikkje noko ukjent fenomen. Men det er nytt for oss at ein kan få så alvorlege plager som dette. Difor vil vi no følgje dette opp saman med sjukehuset, seier Madsen.