Hopp til hovedinnhold


God akuttberedskap i ferietida

Statens helsetilsyn gjorde sist veke ei landsomfattande kartlegging av ambulansetenesta. Helseføretaka i Helse Midt-Norge kjem særs godt ut og Helse Nord-Trøndelag er best i landet med null avvik i forhold til forskrifta for ambulansetenesta.

Statens helsetilsyn gjorde sist veke ei landsomfattande kartlegging av ambulansetenesta. Helseføretaka i Helse Midt-Norge kjem særs godt ut og Helse Nord-Trøndelag er best i landet med null avvik i forhold til forskrifta for ambulansetenesta.

Les saka på Helse Midt-Norges heimeside

Les også Trønder-Avisa: Nordtrønderske ambulanser best i landet

Den landsomfattande kartlegging av bemanning og kompetanse hjå personellet på alle ambulansebilar som var i akuttberedskap vart foretatt på dagtid tysdag 14. juli 2009. Helseføretaka (sjukehusa) fekk for to veker sidan melding om at det kom ei slik kartlegging i sommar, men dagen for kartlegginga var ikkje gjort kjent på førehand.

Resultata frå kartlegginga syner at det var heile 488 bilar i beredskap, dei fleste på døgnbasis. Dette er om lag 1 bil per 10.000 innbyggjarar, og svarar til den beredskapen som ein har også utanfor ferietida. I Helse Midt-Norge var 90 bilar i beredskap, noko som gir 1 bil per 7000 innbyggjarar.

For 377 av bilane (77 %) var bemanning og personellkompetanse i samsvar med dei formelle kompetansekrava som er stilte i § 17 andre ledd i forskrift om akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus. I 109 tilfelle (22 %) var ikkje forskriftskrava fullt ut oppfylde, men den samla kompetansen til personellet på bilen var slik at tenesta ikkje kan kallast uforsvarleg. Det høyrer med å nemne at forskrifta opnar for ein overgangsperiode på visse vilkår når det gjeld oppfylling av kompetansekrava til 1.4.2010.

88 prosent av bilane i Helse Midt-Norge hadde bemanning og personellkompetanse i samsvar med dei formelle kompetansekrava. Helse Nord-Trøndelag er det einaste helseføretaket i landet som innfrir krava 100 prosent.