Hopp til hovedinnhold


- Kjekt med fødslar

Ambulansematros Geir Røssland likar jobben sin.

Ambulansematros Geir Røssland likar jobben sin.

Føyen og ambulansematros Geir Røssland er på vakt på ambulansebåten "Rygerskyss", og sit i styrhuset medan båten duppar bedageleg ved ferjekaien på Sunde. Dei to kan fortelja at arbeidsdagen er veldig variabel. 
 
– Nokre dagar kan det vera heilt stille og andre dagar går det i eitt. Det går i rykk og napp, seier Røssland.
 
Berre til no i år har båten hatt 733 oppdrag, men det varierer kor mange det er om dagen.
 
Dyrt tilbod
 Seksjonsleiar for ambulansen, Svein Jensen, fortel at Helse Fonna nyleg har inngått ein kontrakt med Rødne om å driva ambulansebåt i fem år til. 
 
– Det er den ambulansebåten som går mest i Noreg. Den går 40.000 km og har over 1000 turar i året, seier Jensen. 
 
Han tykkjer det er eit veldig bra beredskaptilbod for sunnhordlandsbassenget, men legg til at det og er svært kostbart for Helse Fonna.
 
Alltid parat
I denne jobben nyttar det ikkje å ha rutinar på kva tid ein skal på vakt eller ikkje, fortel dei.
 
– Me er på jobb 24 timar i døgeret. Det kan verta frukost klokka ni eller klokka to, alt etter kva tid på døgeret telefonen ringjer, seier kapteinen om bord i "Rygerskyss".
 
Det er nemleg ikkje berre om dagen at ambulansebåten ligg parat. Når mannskapet er på jobb, søv dei i eit husvære eit par minuttar frå båten ved Sunde ferjekai, og dersom telefonen ringjer om natta er det på med kleda og ut og starte opp båten.
 
– Om natta har ein ikkje like stor tilgang på anna transportmiddel og då er det me som kan frakta pasientane.

Ikkje actionprega
Utanforståande forbind gjerne det å køyre ambulanse med blinkande blålys og akutte situasjonar, men kapteinen fortel at det ikkje er slik i røynda. Dei færraste oppdraga er akutte.