Hopp til hovedinnhold


Køyrde 4000 kilometer for å hente pasient

Eit team på fire kom med ambulanse frå Praha til Førde for å hente ein tsjekkisk pasient heim. Forsikringsselskapet meinte fly vart for dyrt.

Eit team på fire kom med ambulanse frå Praha til Førde for å hente ein tsjekkisk pasient heim. Forsikringsselskapet meinte fly vart for dyrt. 

Les hele saken på Firda.no: Køyrde 4000 kilometer for å hente pasient

- Det er sjeldan vi opplever dette, og eg kan ikkje seie sikkert om det har skjedd før, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov på Helse Førde si heimeside.

2000 kilometer kvar veg
Onsdag denne veka fekk dei besøk av tre ambulansesjåførar og ein lege frå eit sjukehus i Praha. Dei hadde køyrd 2000 kilometer for å hente ein tjekkisk pasient som låg på Førde sentralsjukehus. Pasienten hadde vore på tur i fylket og pådrege seg ein ankelskade.

- Vi var ferdig med vår behandling, og når det kjem til heimreise er det forsikingsselskapet sitt ansvar å betale for dette. Men vi fekk beskjed om at det ikkje var aktuelt for dei å dekke eit ambulansefly. Eg må seie vi vart litt overraska då vi såg korleis dei løyste dette, seier Sægrov.

Bil billegare enn fly
Forsikringsselskapet til den uheldige tjekkaren hadde kontakta eit lokalt sjukehus i Praha, der dei fekk ein langt rimlegare pris ved å frakte pasienten heim med ambulansebil.

Eit ambulansefølgje på fire reiste frå Praha på måndag, og kom til Førde onsdag føremiddag. Etter ei kort omvising på Førde sentralsjukehus tok dei med seg pasienten og returnerte til Praha.

Dersom alt går etter planen skal dei vere tilbake i den tsjekkiske hovudstaden fredag.

- Eg håpar ikkje dette skjer for ofte. Klart det blir tungvint og lite behagleg for pasientane å bli frakta heim på denne måten, seier Sægrov.