Hopp til hovedinnhold


Fryktar dårlegare ambulansebåttilbod

Ordførar i Øksnes, John Danielsen, fryktar eit dårlegare ambulansebåttilbod i Øksnes Vestbygd dersom redningsskøytene skal overta ambulanseoppdraga til hurtigbåten.

Ordførar i Øksnes, John Danielsen, fryktar eit dårlegare ambulansebåttilbod i Øksnes Vestbygd dersom redningsskøytene skal overta ambulanseoppdraga til hurtigbåten.

Nordlandssjukehuset planlegg ei omleggjing der redningsskøyta frå 1.juli overtek ambulanseoppdraga som hurtigbåten har i dag.

Ordførar John Danielsen likar ikkje denne forma for innsparinga.

Vanskelege prioriteringar

- Me har gitt ei anmerkning til Nordlandssjukehuset både i møter og i skriftleg form om at me er uroa, seier Danielsen.

Det er tryggleiken til folk i Øksnes Vestbygd ordføraren er uroa for. Når Nordlandssjukehuset frå 1.juli legg om ambulansetenesta er det redningsskøyta som skal gjere jobben.

Redningsskøya har allereie mange oppdrag, og det kan føre til vanskelege prioriteringar, meinar Danielsen.

- Me har allereie no rapportar på at redningsskøyta har 190 oppdrag i løpet av eitt år. Då vil det seie at det er verdifulle oppdrag for dei som har sitt yrke på sjøen, seier han.

Får ikkje sette tryggleiken på spel

Nordlandssjukehuset skal snart spikre det nye akutttilbodet for Øksnes Vestbygd, og administrerande direktør Eivind Solheim skal spare pengar, men han lovar at tryggleiken for folk er det viktigaste.

- Me har gjennomført ei rekkje endringar på ambulanseområde i heile området til Nordlandssjukehuset og helse Nord. Denne gjennomføringa har ivareteke tryggleiken på alle punkt, seier Solheim.

Dei fleste øyane i Øksnes Vestbygd er fråflytta, og berre nokre tjuletals personar bur fast i Vestbygda. Men mange tusen turistar dreg årleg ut i det naturskjønne området.
Kommunen vil ikkje godta at tryggleiken vert sett på spel når nokon vert akutt sjuke.

- Me håpar at dei høyrer på oss, seier ordførar John Danielsen.